«Kompetanse for framtida»

Storbandtreff 17

Publisert: 19.05.2017 09:30 av Per Arne Brandal

Musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda er vertskap for Storbandtreff 17 laurdag 20. mai. – Musikkutdanninga har hatt eit langvarig og fruktbart samarbeid med storbandet MixMasters over lang tid. No ønskjer vi å invitere fleire storband til samspel og konsertar, seier høgskulelektor Svein Hunnes.

Samarbeidet mellom MixMasters, under musikalsk leiing av Ketil Rasmussen, og musikkutdanninga ved Høgskulen i Volda skaut fart då den nye konsertsalen i Henrik Kaarstad-huset stod klar for nokre år tilbake.

Svein_Hunnes_620.jpgHøgskulelektor Svein Hunnes ved musikkutdanninga i Volda.

Verdfullt for studentane

– Musikkutdanninga og MixMasters har samarbeidd om konsertar der solistar frå musikkutdanninga vår har fått synge jazz med eit godt storband. I det siste har også elevar ved kulturskulen i Volda teke del, seier Hunnes.

Mre_side_1_620.jpgFrå ein konsert i 2016 der fleire musikkstudentar ved Høgskulen i Volda framførte jazzperler med MixMasters.

SAMLAR Fire storband FRÅ REGIONEN

Til Storbandtreff 17 i Volda laurdag 20. mai kjem fire storband frå regionen: Big Odd Band, Ulstein storband, Sykkylven storband og MixMasters.

Treffet startar med gateparade frå studenthuset Rokken kl. 1200. Paraden endar opp ved Musikkpaviljongen ved Volda og Ørsta Sparebank der det blir ein friluftskonsert kl. 1300.

Kl. 19.00 blir det konsert med alle dei fire storbanda i konsertsalen i Henrik Kaarstad-huset.