«Kompetanse for framtida»

– Kunnskap det er stort behov for

Publisert: 05.05.2017 12:20 av Per Straume

Høgskulen i Volda vidarefører den dagsaktuelle vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv saman med Høgskolen i Innlandet.

bim2_620.jpg

Barne- og likestillingsdepartementet var med på å finansiere vidareutdanninga fram til i fjor. Då samarbeida Høgskulen i Volda (HVO) med Høgskolen i Innlandet (HINN), Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskolen i Sørøst-Norge om utdanninga. Frå hausten 2017 av vil HVO og HINN vidareføre tilbodet saman.

Gjensidig tillit

Barnevern i eit minoritetsperspektiv tel 15 studiepoeng og går i haustsemesteret. Det er eit studium for dei som er arbeid i barnevernet eller har ein jobb som er tilknytt barnevernet. Ved HVO er førstelektor Ingun Klepp og førsteamanuensis Jarle Pedersen fagleg ansvarlege for utdanninga. Når etter kvart fleire av innbyggarane i Noreg tilhøyrar minoritetsfamiliar er det behov for den kunnskapen denne utdanninga gir for å møte nye utfordringar.

– Mange kjem frå land utan velferdsstat av vår type og har erfaringar med at når staten tek kontakt er det som oftast ikkje noko positivt i vente. Den førestillinga kan dei ha med seg til Noreg og i kontakten med barnevernet kan dette bli problematisk. Det har også til tider vore mykje mediemerksemd rundt barnevernet sitt arbeid overfor minoritetsfamiliar, som har ført til at nokre førestillingar om kva barnevernet er har festa seg. Dette gjer at barnevernsarbeidarar vert utfordra i forhold til å skape tillit i desse relasjonane i følge Klepp og Pedersen.

Dei er oppteken av at ein må skape gjensidig tillit.

– Vi tek mellom anna opp spørsmål som korleis ein som tilsett reagerer på motstand frå dei ein arbeider med. Kva ekstra arbeid ein slik situasjon krev for å få til ein god dialog. På den andre sida kan også barnevernsarbeidarar sjølve ha oppfatningar av minoritetsbefolkninga som er problematisk og farga av eigen ståstad. Å ta tak i desse er også viktig i denne utdanninga, påpeikar duoen.

Her kan du lese meir om utdanninga og søke

Det er nesten som å høyre Brynhild Solvang, barnevernssjef i den interkommunale barnevernstenesta på Søre Sunnmøre. Etter at studentane var ferdig med utdanninga før jul i 2016 uttalte ho følgande:

– Barnevernstenesta i regionen har eit stort behov for meir kompetanse i møte med minoritetsbarn.

bim_620.jpg
Førstelektor Ingun Klepp og førsteamanuensis Jarle Pedersen står bak det faglige ved utdanninga ved HVO.

Praksisnært og refleksjon

Utdanninga er svært praksisnær. Refleksjon står sentralt i den samlingsbaserte utdanninga som går gjennom haustsemesteret.

– Refleksjon som metode er mykje brukt. I refleksjonsgrupper tek vi utgangspunkt i konkrete hendingar studentane har med seg frå arbeidet sitt sin. I grupper på åtte til ti studentar beskriv studentane utfordrande situasjonar dei har stått i, medan dei andre høyrer på. Målet er å sette fokus på kva ulike fenomen som kjem til uttrykk i hendingane og utforske desse. Eit vesentleg poeng er at studentane ikkje berre deler erfaringar og men også bidreg i å forstå kvarandre sine utfordringar.

– Tilsette i barnevernet opplever saker dei har vanskeleg for å bli ferdige med. Dette er saker som gjerne er avslutta, men som likevel ligg og gneg. Då er det ofte lærerikt å vende tilbake til desse og spørje kvifor denne saka fortsatt opptek meg, kvifor saka tok den vendinga den gjorde og kvifor eg som profesjonell følte, tenkte og handla som eg gjorde.

Erfaringane studentane tek utgangspunkt i skal dei arbeide vidare med gjennom semesteret, knyte teori til dei, reflektere i grupper rundt dei og til slutt skrive ei oppgåve heime der ein analyse av erfaringane står sentralt.

Kommunane og statlege, ideelle og andre private barnevernsinstitusjonar kan søke Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet om tilskot for sine tilsette for utdanninga. Her kan du lese meir om det og søke tilskot (frist 15. mai 2017).

I løpet av haustsemesteret 2017 blir det ei samling i Lillehammer (veke 35) og to i Volda (veke 38 og 46). Den første samlinga går måndag – onsdag, medan dei to siste går tirsdag  torsdag.