«Kompetanse for framtida»

Kvalsund utnemnt til æresmedlem i internasjonal forskingsorganisasjon

Publisert: 27.04.2017 15:10 av Per Straume

Etter å ha lagt ned mykje arbeid for European Educational Research Association gjennom 20 år, er professor ved Høgskulen i Volda, Rune Kvalsund, utnemnt til æresmedlem i forskingsorganisasjonen.

kvalsund_620.jpg

Rune Kvalsund, som er professor i pedagogikk og tilsett ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for sosialfag, ved Høgskulen i Volda, kom med i European Educational Research Association (EERA) i 1996. Då starta han opp Nettverk 14, Communities, Families and Schooling in Educational Research, saman med Linda Hargreaves frå universitetet i Cambridge. No er dei begge blitt æresmedlemmar i EERA etter arbeidet dei har gjort for Nettverk 14.

Kvalsund legg ikkje skjul på at han synest det er givande å få ei slik utmerking, men er samstundes audmjuk.

– Ja, klart det gir meining for ein forskar, sjølv om dette ikkje er noko eg har bede om. Eg har berre stått på og gjort jobben min og støtta opp om andre forskarar. Når ein gjer det over så lang tid vert det lagt merke til, seier Volda-professoren.

– Systematisk og langsiktig arbeid

Nettverk 14, Lokalsamfunn, familiar og skule i pedagogisk forsking, arbeider med problemstillingar som opnar klasseromet: skule som del av oppvekstmiljøet, stadsforankra arenaer for læring, samspel med foreldre og familie, skulens samfunnsoppdrag – også overfor lokalsamfunnet, overgangar mellom nivåa i skulen og i livsløpet for barn og unge. Nettverket arbeider såleis med utgangspunkt i eit fleirdimensjonal grunnlag for læring og kvalifisering langt utover dei snevre perspektiva omkring klasseroms-læring i abstrakte skulefag som står i sentrum for utviklingsarbeid i skulen i mange land – til dømes OECDs PISA-program om global pedagogisk styring av utdanning, fortel Kvalsund.

I grunngjevinga frå EERA står det mellom anna:

– Deira bidrag til Nettverk 14 har vore essensielle for utvikling og konsolidering av nettverket alle desse åra. Dei har jobba heilhjarta for å engasjere forskarar frå ulike land og bakgrunnar som gjer Nettverk 14 til ei tverrfagleg gruppe forskarar. Spesielt vil vi framheve deira djupe forplikting til å involvere og samarbeide med kollegaer frå forskjellige geografiske område for å få eit meir dynamisk og livskraftig Nettverk 14. Dei har engasjert kollegaer i nettverket frå store deler av Europa (Kypros, Tsjekkia, Finland, Italia, Norge, Polen, Portugal, Serbia, Spania, Sveits og Storbritannia).

– Deira bidrag har vore betydeleg i sine land og relevante for mange utdanningsforskarar i Europa. Rune Kvalsund har leia longitudinell forsking og tverrsnitts-studiar av skular i distrikta og deira lokalsamfunn i Noreg, med søkelys på ulike arenaer for uformell sosial læring i skulane og i barna sine heimemiljø. Han har også forska på livsløpsovergangar av unge med behov for tilrettelagde opplæringsvilkår og spora konsekvensane av skulegangen i deira vaksne liv. Begge (Hargreaves og Kvalsund) har publisert forskinga si i høgt respekterte internasjonale tidsskrift og deira bidrag til samanliknande forsking på rurale skular er internasjonalt anerkjende i fleire publikasjonar og har vore avgjerande for å fremme kunnskap på området.

Her kan du lese heile grunngjevinga

Inspirerande kollegaer

Kvalsund starta med internasjonalt samarbeid om forsking i god tid før det vart noko ståande krav om det og før det var vanleg ved Høgskulen i Volda.

– Har det vore mykje arbeid i løpet av desse åra i samband med EERA?

– Ja, klart det. Det har ikkje vore betalt, men meiningsfullt arbeid sjølv om det har kome på toppen av alt anna. For å vere internasjonalt orientert som fagtilsett ved høgskulen, kan det jo vere nok å publisere. Men det har vore artig å halde på med dette i tillegg til alt det andre – ikkje minst å samarbeide med inspirerande kollegaer får andre land.

Internasjonale Volda

Professor Linda Hargreaves, som er tilsett ved universitetet i Cambridge, har altså vore Kvalsund sin partner i leiinga for nettverket. Han har også samarbeida tett med ein annan professor frå same universitet, i tillegg til mange andre gjennom 20 år.

Det går godt an jobbe internasjonalt og få til ting ved å ha sete i Volda. Jobbar ein seriøst og skikkeleg er det ikkje noko problem å knyte band til sterke institusjonar elles i Europa. Ein må ikkje vere erklært som ein av verdas beste institusjonar for å få til noko. Det går an å bygge opp samhandling og fellesskap om forsking utan å vere det.

Kvalsund vil halde fram i nettverket, men ikkje ha ein så sentral rolle i framtida.

– Linda (Hargreaves) og eg har trekt oss litt tilbake og fungerer meir som mentorar for nye og yngre leiarar av nettverket . Vi ønskjer å få opp yngre krefter, støtte dei som vil bygge vidare på det og halde oppe trykket i nettverket.

I dag arbeider dei med bidrag til ei bok som kjem på Routledge forlag om eit års tid, der dei skal samanlikne mønsteret i skulenedleggingar i aust- og vesteuropeiske land.

pressefoto

Rune Kvalsund