«Kompetanse for framtida»

Samarbeider om mat og religion

Publisert: 25.04.2017 15:15 av Per Arne Brandal

Studentane på grunnskulelærarutdanninga GLU 5-10 kan velje «Kristendom, religion, livssyn og etikk 2» som valfag i det fjerde studieåret. For å gjere innhaldet i studiet meir handfast og konkret føregår delar av undervisninga over dampande kjelar på skolekjøkenet.

Emnet KRLE 2 er ei vidareføring av Kristendom, religion, livssyn og etikk 1 (KRLE1). Profesjonskunnskap og didaktikk for 5.-10. årssteg står sentralt i emnet, og ein arbeider også vidare med korleis religions- og livssynsmangfaldet syner seg i samfunnet, i historia, i etiske utfordringar, i ulike tekstar og lesemåtar.

Kokkar_620.jpgFørsteamanuensis Mathias Nygaard til venstre.

Fagmiljøet i matkultur og helse ved Institutt for realfag og Institutt for religion, livssyn  og kyrkjefag har inngått eit samarbeid der målet er å vise korleis ein i ulike religionar og kulturar brukar mat som religiøse symbol. 

Meir praktisk undervisning

– Vi vonar at koplinga mellom teori og ei praktisk tilnærming til stoffet gjennom matlaging kan gjere stoffet meir levande og verke motiverande for både framtidige lærarar og elevar, seier førsteamanuensis Mathias Nygaard.

Rel_mat_620.jpgFestbordet var pynta med element frå ulike religionar.