«Kompetanse for framtida»

Grip sjansen - Vi treng nytt arbeidsutval!

Publisert: 11.04.2017 11:05 av Studenttinget i Volda

Ønskjer du å påverke din studiekvardag og vere stemma til studentane på høgskulen? Da er Studenttinget i Volda rett organisasjon for deg å engasjere seg i. No har du sjansen - 19. april er det val på arbeidsutvalet!

Arbeidsutvalet, ofte omtalt som styret, er ein av dei største moglegheitene du som student har til å bidra i studiekvardagen. Desse fem studentane har ansvaret for å den daglege drifta av STiV saman med organisasjonskonsulenten. Dette inneberer å arbeide i ei av dei fem stillingane; leiar, fagansvarleg, velferdsansvarleg, internasjonalt ansvarleg og informasjonsansvarleg - og saman som eit team.
Om du tykkjer at stillingane er interessante oppfordrar vi deg til å stille til val. Alt du da treng å gjere er å møte opp på det siste studenttingsmøtet i semesteret, 19. april på Strøm 243 kl 16:30.
Vil du vite meir om dei ulike stillingane så er det berre til å ta kontakt med oss! Under kan du lese ein kortfatta presentasjon av dei ulike verva:
 

Leiar: Har det overordna ansvaret for arbeidsutvalet, i tillegg til økonomiske og administrative oppgåver og samarbeider med organisasjonskonsulenten i STiV. Leiaren er utvalets ansikt utover høgskulen og er aktiv i nasjonal studentpolitikk. Leiar har også fast plass i tilsetjingsrådet for faglege tilsetjingar (TUFO), og er også med i fleire andre interessante arbeidsgrupper og forum lokalt og nasjonalt.

Fagansvarleg: Har ansvaret for studiekvalitet og forsking i tillegg til å vere fast medlem i strategisk studienemnd og forskingsutvalet. Fagansvarleg er den som handsamar klagar som går på førelesarar, studieprogram eller liknande utfordringar som kan oppstå. Fagansvarleg har også ansvaret for alle dei tillitsvalde og arrangerer ei rekke kurs som akademisk skrivekurs og wordkurs for nye studentar.   

Velferdsansvarleg: er den som skal passe på at alle studentar har det bra i sin studiekvardag gjennom å ha kontroll og sjå etter velferdstilboda ved høgskulen. Dette inneberer å  samarbeide med Studentsamskipnaden i Volda og arrangere kurs om til dømes kvardagsøkonomi med Luksusfellen. Velferdsansvarleg har også fast plass i Læringsmiljøutvalet (LMU) ved høgskulen.

Internasjonal ansvarleg: er den som har ansvaret for å ivareta dei internasjonale studentane si stemme. Denne stillinga skal også sjå til at studentar frå høgskulen som er på utveksling har det bra. Stillinga skal i tillegg oppretthalde eit godt samarbeid med Pangaia for å betre integreringa av dei internasjonale studentane. Internasjonalt ansvarleg har ansvar for arrangement som Norwegian Night og Utveksling 1-2-3!, i tillegg til å ha fast plass i Internasjonalt Utval (IU).

Informasjonsansvarleg: har kort sagt ansvar for generell promotering for organisasjonen. Stillinga har ansvaret for nettstaden som ligg under hivolda.no, sosiale medium som Facebook og Instagram, samt all grafisk produksjon. Informasjonsansvarleg skal kommunisere ut til studentane det STiV vil formidle og har i tillegg fast plass i Valstyret ved høgskulen.