«Kompetanse for framtida»

Desse turekspertane kan vi få enda meir behov for i framtida

Publisert: 28.06.2017 09:50 av Per Straume

Stadig fleire turistar etterspør guida turar i naturen og et senter for turisme for vestlandsfylka har mål om bli best i verda på tematurisme. For å få til dette er ein avhengig av godt kvalifiserte guidar – som ein mellom anna utdannar i Volda.

Ola_Stig_620.jpg
Ola Einang (t.v.) og Stig Løland er erfarne friluftslivskarar som underviser på naturguide-utdanninga i Volda.

– Eit godt døme ein kjenner til frå Romsdal er når det kjem ein utanlandsk familie på fire, der ein av foreldra vil prøve seg i bratt terreng. Då må ein også ha eit tilbod til dei tre resterande i familien, seier Ola Einang.

Han er høgskulelektor i friluftsliv ved Høgskulen i Volda, ein av få sertifiserte tindevegledarar i Norge og ein velkjend friluftslivsveteran. Saman med høgskulelektor Stig Løland, også han sertifisert tindevegledar, utdannar Einang naturguidar på andre året i Volda. 

– Kvifor er det behov for utdanna naturguidar?

– Om norsk reiseliv skal bli leiande i verda og ha høg kvalitet er det ikkje nok å berre vise turistane veg. Ein må gjere noko undervegs på turane i form av historie, forklare forhold og fenomen i naturen og ikkje minst ta seg av kvar einskild gjest på ein sikker måte.

Les meir om Naturguideutdanninga og søk her.

Flest ønsker lågterksel-tilbod

Norwegian Centre of Expertise of Tourism - Fjord Norway, som samlar over 100 turistbedrifter og destinasjonsselskap i vestlandsfylka, har som visjon å bli å verdsleiande innan tematurisme.

– Dette kjem også av at etterspurnaden etter lågterksel-tilbod har auka dei siste åra. Det store volumet av turistar i dag spør etter slike tilbod, seier Einang.

– Vi bruker mykje tid med studentane på det vi kallar «soft skills». Det handlar mykje om at når studentane skal ut i jobb som guide må dei kunne kommunisere godt med gjestane dei har med seg på tur. Ein må fokusere på heile opplevinga for gjesten, bygge opp turen så den ikkje er for vanskelig eller for lett. Lågterksel er ikkje det same som enkel, turane kan vere utfordrande på ulike måtar, seier Løland.

Få eit innblikk i kva friluftslivstudentane held på med her.

Praksisturar

I botnen har studentane mykje «hard skills» som å navigere med kart, bruk av forskjellig utstyr og lage gode bål med meir.

– Ein må ha mykje kompetanse og gode ferdigheiter for å gjennomføre gode turar. Arbeidsmåten vår med studentane er at vi drar ut på tur der studentane er guidar for kvarandre, og så går vi gjennom og diskuterer turen nøye i etterkant, fortel Løland.

natguide1_620.jpg
Stig Løland snakkar med studentane om trygg ferdsel under ein tur.

Ikkje busslast med turistar

Vi møtte naturguidestudentane Ingrid Rui, Lars Erik Nilsen, Tobias Lemming og Håkon Wegge etter at dei hadde vore guidar på ein slik tur i Hornindal. I klasserommet dagen etterpå vart plussar og minus med gjennomføringa av turen gått gjennom og diskutert med Løland og Einang.

– Poenget med naturguiding er å til dømes gå opp i ei li, vise fram noko kulturhistorisk, lage eit godt måltid og skap ein spesiell stemning. Ein er ikkje ute etter å «skvise» 1000 personar inn i Hjørundfjorden på ein dag, eller kjøre busslast med turistar for å vise dei mest mogleg på kortast mogleg tid, meiner studentane.

Gode jobbutsikter

Dei er det andre kullet på utdanninga som går over eitt år. Fleire av dei som var ferdig med utdanninga våren 2016 har starta opp eigne verksemder og har guiding som levebrød. Det er noko som kan freiste dagens studentar også.

– I tillegg til det som handlar om å planlegge og arrangere turar, lærer vi også om korleis ein kan starte opp for oss sjølve. Det gjer denne utdanninga veldig relevant og interessant, synest studentane.

natguid2_620.jpg

Erfarne Einang kan heller ikkje sjå at det vil vere problem for studentane å skape seg eller finne ein relevant jobb.

– Om ikkje det skjer noko underleg kulturelt eller økonomisk i verdssamfunnet, er denne form for turisme noko som berre vil vokse framover, spår han.