«Kompetanse for framtida»

– Vil få større perspektiv og kan gjere ein betre jobb

Publisert: 10.04.2017 11:15 av Per Straume

Hausten 2017 startar Høgskulen i Volda opp to nye masteremne i politikk, helse og livsløp som kan takast som vidareutdanning. Desse skal gi både kunnskap til å utvikle heilskaplege tenester og personlig utvikling.

pol_620.jpg
Dosent Randi Bergem og professor Finn Ove Båtevik er emneansvarlege for dei to nye emna.

Dei to nye masteremna er:

Emna kan takast som vidareutdanning for dei som er i arbeid. Dei er også godkjende som valfrie emne både i Master i samfunnsplanlegging og leiing, og i Master i helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda (HVO). Emna har eit fagleg nivå som gjer at dei kan innpassast som valfrie emne i mastergrader ved HVO og ved andre høgskular og universitet. I tillegg til nyutdanna bachelorkandidatar, er emna retta mot tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseføretak og frivillig sektor som arbeider med helse og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt.

Begge emna er organiserte som deltidsstudium over eitt semester, der ein har tre vekesamlingar i semesteret med fire dagar undervisning i kvar veke. Studentar som tek POL301 først vil få eit særleg godt grunnlag for POL302.

Meir bevisst i arbeidet

Dosent Randi Bergem og professor Finn Ove Båtevik er emneansvarlege for nyvinningane.

– Ein får eit godt innblikk i heilskapleg utvikling av samfunn og tenester. Emna gir mange teoretiske perspektiv til å forstå det ein held på med i arbeidet sitt. Ein kan tenke om det på ein annan måte, seier Bergem.

– Emna gir eit teoretisk begrepsapparat, som gjer at ein blir bevisst på det ein driv på med og kan tenke annleis om korleis ein operer i jobben sin. Det opnar seg nye moglegheiter i jobbmarknaden med slike emne også. Ein ser at folk ofte gjer eit karrierehopp, spesielt om dei tek ei heil mastergrad, seier Båtevik.

Samspel og større heilskap

Bergem og Båtevik fortel at POL301 har eit litt meir teoretisk preg, medan POL302 er meir basert på empiri og tek opp døme på korleis ein kan løyse oppgåver i arbeidslivet. Livlsøpsperspektivet er ein gjennomgåande viktig teoretisk basis i begge emna.

– Det handlar mykje om at ein arbeider med menneske, og at det er eit samspel mellom strukturelle føringar og dei ein arbeidar for og gir tenester til, seier dei to.

pol2_620.jpg
Emna er retta mot dei som arbeider eller skal arbeide med både dei minste og dei eldre.

Dei er også opptatt av å formidle at folk som arbeider med helse og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt er ein del av eit samfunn.

– Om ein arbeider i eldreomsorga, skule eller barnevern er ein ein del av ein større heilskap – og det ein gjer i jobben sin har betyding for den større heilskapen.

Betre føresetnader

POL301 og POL302 er eit samarbeid mellom Institutt for planlegging og administrasjon og Institutt for sosialfag ved HVO. Bergem og Båtevik gler seg til å ta imot studentane og meiner dei skal klare å gi dei godt utbytte.

– Studentane skal i utgangspunktet kunne gjere ein betre jobb etter å ha tatt desse emna. Dei skal ha betre føresetnader sjølve og i samarbeid med andre til det.