«Kompetanse for framtida»

Testar ut yrket frå første stund

Publisert: 16.03.2017 15:05 av Per Straume

Allereie etter ein månad i utdanninga får grunnskulelærarstudentane ein smakebit av læraryrket. Det vert følgd opp med lærerike praksisperiodar gjennom heile utdanninga. – Uvurderleg erfaring, meiner studentane vi snakka med.

prakglu_620.jpg
Axel Fossdal (f.v), Jan Åge Sundnes og Ola Johansen underviser her i norsk i femte klasse ved Øyra Skule.

Jan Åge Sundnes, Ola Johansen og Axel Fossdal går første året på grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda og er inne i dei siste dagane av den siste praksisperioden i dette skuleåret. I klasseromet på Øyra Skule i Volda går dei mellom pultane til femteklassingane som treng hjelp til oppgåveløysinga i norskfaget. Denne skuletimen står dei på eigen kjøl og har ansvaret for timen og klassa aleine.

– Vanlegvis er praksislæraren, som er kontaktlærar i klassa, til stades og observerer oss, men det er både lærerikt og gøy å få prøve seg aleine også. På den måten blir vi testa på situasjonsbestemt klasseleiing, det kan oppstå situasjonar heilt ut av det blå som vi må takle. Det er god trening, synest trekløveret.

Mykje praksis

Og trening i lærarrolla får dei ein god del av gjennom utdanninga i Volda. I haustsemesteret av det første året fekk dei etter ein månad vere med inn i eit klasserom og observere ein lærar i to dagar, før det litt seinare på hausten vart følgd opp med tre veker praksis i same klasse. Praksisen det første året har fokus på lærarrolla.

I det andre året skal studentane konsentrere seg om tilpassa opplæring og begynneropplæring i praksisen, som går over tre veker både på hausten og våren. Det tredje året følger også same mal med like mykje praksis, og då er det skulen som organisasjon studentane skal lære meir om. Det inneber mellom anna skuleovertaking – der studentane skal styre ein skule aleine ei veke, noko som er litt spesielt for grunnskulelærarutdanninga i Volda. Det fjerde året inneheld praksis i ti dagar, der studenten skal fokusere på eit valfag ein tek det året.

Totalt utgjer dette 100 dagar med praksis over fire år. Med den nye grunnskulelærarutdanninga på masternivå over fem år vil dette talet auke til om lag 115 dagar.

Tidleg erfaring

– Eg set stor pris på at vi får praksis så tidleg og at det er sopass mykje gjennom heile utdanninga. Då får vi gjennom studietida prøve ut kva som fungerer og ikkje fungerer i yrket. Samstundes er det greitt å finne ut om dette er noko ein likar i ein tidleg fase, i staden for etter tre år til dømes, seier Axel Fossdal, før medstudent Ola Johansen grip ordet:

– Vi hadde ein forelesar som hadde vore i Frankrike og sett på lærarutdanninga der. Dei hadde ikkje praksis i dei to første åra, og når studentane fekk praksis i det tredje året vart dei stort sett overlatne til seg sjølve med ei klasse. Sjølv om lærarutdanninga i Norge også kan bli betre, er eg glad for at eg studerer her i Volda og ikkje i Frankrike til dømes. I tillegg vil lærarane her på høgskulen det beste for deg, vil at du skal lukkast og bryr seg om kvar einskild student.

Nyttig rettleiing

I praksisperioden har Jan Åge, Ola og Axel fire timer med undervisning kvar dag. I tillegg kjem to timar med rettleiing frå praksislæraren deira. Utanom den daglege rettleiinga er også ein faglærar frå høgskulen innom dei ein dag i løpet av praksisperioden.

– Det er kjempenyttig med rettleiinga. Vi er ferske i faget og utan rettleiinga hadde det blitt berre våre eigne tankar, og det er ikkje nok. 90 minutt med rettleiingssamtalar kvar dag er ganske mykje, men det får oss til å reflektere. I tillegg til ting å rette på, kan også ein praksislærar trekke fram positive sider ved oss som vi ikkje var klar over, poengterer Sundnes.

Studieleiar ved grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, Oddvar Aalde, fortel at dei legg opp undervisninga ved høgskulen slik at den skal vere relevant for det studentane skal fokusere på i praksisperiodane sine.

– Før denne praksisen hadde vi ei dramaveke der ein skal nytte det i undervisninga når ein er ute i praksis. Vi har tatt det med inn i fag og brukt det for at elevane skal kunne lære på andre måtar enn berre rein tavleundervisning. Det har vore ei fin erfaring og noko vi har reflektert en del rundt i ettertid, seier Sundnes.

Enda tettare kopling med praksis

Det er ord studieleiar Aalde likar å høyre. Han ser på praksisperiodane som ein av dei viktigaste delane av utdanninga av nye lærarar. Difor ser han fram til å gjere denne delen av utdanninga enda betre i framtida.

– I den nye masterutdanninga vert den enda større fokus på å gjere koplinga mellom praksis og undervisninga ved høgskulen enda tettare og meir relevant.

– Kva er det som skil grunnskulelærarutdanninga i Volda frå dei andre i landet?

– Det er ikkje alle som har skuleovertaking, der studentane styrer ein skule aleine. Vi tilbyr også praksis på ein norsk skule i Spania i det tredje året. Praksisskulane våre er samla på eit lite geografisk område i og rundt Volda, som gjer at vi har tett kontakt med dei. I Volda har vi ein over 100 år lang tradisjon med å utdanne lærarar, som gjer at grunnskulane rundt oss er vande med å ha studentar. Det er eit stort pluss, svarar Aalde.

Les meir om grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. trinn her.
Les meir om grunnskulelærarutdanninga for 5. - 10. trinn her.