«Kompetanse for framtida»

Samling av mediefaga ved Høgskulen i Volda

Publisert: 16.03.2017 09:00 av Per Straume

Etter samtalar mellom rektoratet, direktør og dekanane ved Avdeling for kulturfag og Avdeling for mediefag har rektoratet og direktør kome fram til at vi vil foreslå at mediefaga ved Høgskulen i Volda blir samla på avdeling for mediefag frå 1. januar 2018. Direktøren tek sikte på å legge fram dette som sak for styret, seinast på møtet i juni.

msam_620.jpg

I strategiplanen for 2017-2020 vedtok styret ved Høgskulen i Volda at samling av mediefaga skulle gjennomførast i planperioden. Samling av mediefaga har også vore ein underliggande føresetnad for arbeidet med nybygget med arbeidsnamnet "Sivert Aarflot-huset", der det er meininga at alle mediefaga skal inn. Huset skal etter planen stå ferdig i 2020.

Det har vore fleire utgreiingar frå fagmiljøa om samling av mediefaga, og to grupper leverte rapportar i 2013 og 2015. Allereie i 2013 foreslo fagpersonutvalet at Avdeling for mediefag burde utvidast med MKT-seksjonen. Det er allereie eit tett fagleg samarbeid mellom mediefagmiljøa på AMF og AKF. Eitt av dei viktigaste fellesprosjekta er den nye mastergraden: Master in media practices som tek opp dei første studentane hausten 2017. 

Seksjon for media, kommunikasjon og teknologi (MKT) skal delta i det vidare strategiarbeidet på AMF, ikkje AKF. Seksjonsleiaren på MKT vil bli invitert til å delta på leiarmøtet i AMF ved behov frå haustsemesteret.

Våren 2017 vil det bli arbeidd meir konkret med planar for samling av mediefaga. Det er ei rekkje organisatoriske, praktiske, tekniske og økonomiske spørsmål som må avklarast i samråd med tilsette og deira organisasjonar.

Mediefaga ved Avdeling for kulturfag er samla i MKT-seksjonen. Seksjonen har ca 10 årsverk og ca 135 studentar på to bachelorutdanningar i Media, IKT og design (MID).

Høgskulen i Volda er samla sett landets største utdanningsinstitusjon for praktiske (yrkesretta) medie- og kommunikasjonsfag og har dei siste åra hatt ca 500 mediestudentar.

Bacehlor-utdanningar:

  • Animasjon
  • Journalistikk (avis/nett og tv/radio)
  • Pr, kommunikasjon og media
  • Media IKT og design (mediedesign og medieproduksjon)

Masterutdanning:

  • Dokumentar og journalistikk (Frå hausten 2017: "Master in media practices")

I tillegg tilbyr høgskulen årsstudium i mediekunnskap og nærare 20 engelskspråklege medieretta emne.

Einskildemne:

Documentary photography, Editorial design, Photo for media, Creative Commercial Photography, Advanced Media Production, The Media and the Second Cold War, Introduction to Film History, Web Documentary, Animation production, Visual Communication, Outdoor Media Production, Media Concept Development and Pre-Production, Web Front-end design, Photo Documentary, Stop-motion and Puppet-film, Basics of Animation and Drawing-film.