«Kompetanse for framtida»

Høgskulen lyser ut direktørstillinga

Publisert: 14.03.2017 15:45 av Per Straume

Jacob Kjøde jr. går av med pensjon i slutten av juli og Høgskulen i Volda lyser difor ut stillinga som høgskuledirektør.

Stillinga som høgskuledirektør er ledig frå 1. august 2017. Det er ei åremålsstilling med ein periode på 6 år.

Høgskuledirektøren har saman med vald rektor ansvaret for den daglege leiinga av institusjonen med styret for høgskulen som næraste overordna instans.

Høgskuledirektøren er øvste leiar for den samla administrasjonen ved høgskulen og utfører funksjonane sine innanfor dei rammene som styret og departementet fastset, og er gjennom universitets- og høgskolelova gitt fleire ulike ansvarsfelt og arbeidsoppgåver.

Søknadsfrist for stillinga er 19. april 2017.

Her kan du lese stillingsutlysinga og søke på stillinga.