«Kompetanse for framtida»

Temakveld om livskvalitet heile livet trakk mange

Publisert: 02.03.2017 12:40 av Per Straume

Over 150 personar møtte opp for å få med seg temakvelden som tok for seg korleis ein kan legge til rette for at pasientar får eit best mogleg liv – livet ut.

temak_620.jpg

Folkemøtet vart heldt i det store auditoriet i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda tysdag. Møtet sprang ut frå Palliasjonsprosjektet, som er eit felles prosjekt mellom kommunane i Sjustjerna på Søre Sunnmøre og Volda sjukehus. Prosjektet har som mål å legge til rette, så langt råd er, slik at pasientane skal føle god tryggleik, like god behandling og best mogleg livskvalitet i siste fasen av livet – uavhengig av om ein er på sjukehus, på sjukeheim i eiga kommune eller i eigen heim.  ”Det gode liv – heile livet” var tema for kvelden, og også det prosjektet strekker seg mot.

Mange vert råka

Viktige spørsmål denne kvelden var korleis ein kan betre livskvalitet i den siste fasen av livet, og kor viktig det er med openheit og refleksjon i møte med alvorlig sjukdom og død.

– Alvorleg sjukdom kan ramme i alle aldrar og i alle fasar av livet. Det rammar ikkje berre den som blir sjuk. Pårørande, familie, vennar, kollegar og lokalmiljø vert også råka i slike situasjonar, seier Arne Gotteberg, kommuneoverlege i Volda og Ørsta. 

Marie Aakre, seniorrådgjevar, foredragshaldar og rettleiar i sjukepleie, leiing og etikk, var hovudforedragshaldar. Ho var sentral i etableringa av kreftavdelinga og seksjon for lindrande behandling ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Aakre har også motteke fleire prisar for sitt arbeid, og har vore med i fleire offentlige utval og råd i arbeidet for pasientsikkerheit og verdigheit.

Gode støttespelarar

Det var ikkje berre kreft, men alvorleg sjukdom generelt som vart temaet denne kvelden. Den var like aktuell for den vanlege ”kvinne og mann i gata”, som for den som arbeider som helsepersonell.

– Ein veit aldri kven som blir ramma av ein alvorleg sjukdom, og vi kan alle, uavhengig av bakgrunn og kompetanse være gode støttespelarar for menneske som kjem i slike situasjonar og deira pårørande, seier spesialsjukepleiar Mari-Ann Sævik, som også leia folkemøtet.

Publikum fekk også med seg ein kunnskapsgjevande paneldebatt der fleire ressurspersonar frå helsevesenet og ein som tidlegare har vore alvorleg sjuk deltok.

Musikk kan virke både lindrande og trøystande i vanskelige situasjonar i livet. Dei frammøtte tysdag fekk oppleve dyktige Venche Vartdal Leite med musikarar som gav nydelege musikalske innslag og fin song utover temakvelden.

Folkemøtet var eit samarbeid mellom Sjustjerne-kommunane på Søre Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH). Arrangementet er ein del av eit større samarbeid mellom desse aktørane der ein tidlegare har arrangert fagdagen «Friskliv og meistring i eit endringsperspektiv».  Seniorrådgjevar ved ASH, Bjørn Gunnar Tafjord, seier at det vil kome fleire liknande arrangement i tida framover.