«Kompetanse for framtida»

Har løysing for kompetanseutfordring blant lærarar

Publisert: 01.03.2017 11:15 av Per Straume

1500 lærarar i Møre og Romsdal har behov for vidareutdanning innan 2025. I dag får for få av desse lærarane ta ei slik utdanning for å fylle nye krav til yrket, medan Høgskulen i Volda har tilbodet dei treng.

komputf_620.jpg

Dette kjem fram av årsmeldinga for 2016 som Fylkesmannen la fram onsdag. I 2025 kjem nye krav til lærarar som skal undervise i kjernefaga på barne- og ungdomsskulen (norsk, matematikk og engelsk). Det er totalt 1925 lærarar i Møre og Romsdal – (1357 lærarar på barnetrinnet og 568 på ungdomstrinnet) som pr. i dag underviser i desse faga utan den nødvendige formelle kompetansen. Kommunane har fått frist fram til 2025 til å rette på dette.

I årsmeldinga står det også at om ein trekkjer frå lærarar som blir pensjonistar i perioden fram til 2025, er det 1500 lærarar som har behov for vidareutdanning. Det betyr at om lag 190 lærarar pr. år frå Møre og Romsdal bør vere under vidareutdanning i desse tre faga fram til 2025. For skuleåret 2016/17 er det i fylket ca. 160 lærarar som har fått tilbod om slik vidareutdanning. Det var over 500 lærarar som søkte sist år, men om lag halvparten vart avslått av skuleeigarane. Det betyr at fylket ikkje vidareutdannar nok lærarar til å fylle behovet fram til 2025.

Vil unngå opphoping

Etter- og vidareutdanningskoordinator ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda, Ole Frank Bakken, er i likskap med Fylkesmannen noko uroa over situasjonen.

Ole Frank Bakken

– Områdeleiarane i kommunane i Møre og Romsdal må imøtekome litt fleire søknadar. Dei bør få auga opp for den negative utviklinga og ikkje vente til dei siste par åra før 2025 med å la fleire lærarar som har behov for det ta vidareutdanning. Får ein til dette, vil både vi som tilbyr slik utdanning og kommunane unngå ein straum av lærarar som må vidareutdanne seg rett før 2025, seier Bakken.

Tilbyr 10 utdanningar

Utdanningsdirektoratet støttar vidareutdanningar for lærarar i skulen økonomisk, gjennom satsinga «Kompetanse for kvalitet». Høgskulen i Volda tilbyr 10 ulike utdanningar i denne kategorien. Dette gjeld for faga engelsk, matematikk, naturfag og norsk på ulike nivå.

For desse utdanningane finst det to ulike støtteordningar:

  • Den eine er ei stipendordning der studenten får 100.000 kroner.
  • Den andre er ei vikarordning der studenten kan få redusert sin stillingsprosent med 37,5 prosent utan trekk i lønn. Då får skuleeigar tilbakeført kostnadane for dette, som er 240.000 kroner om studenten tek matematikk eller naturfag og 192.000 for engelsk og norsk.

– Dette er 10 gode utdanningar som stettar det behovet ein ser i fylket framover, seier Bakken.

Auka lærarmangel

I årsmeldinga frå Fylkesmannen kjem det også fram at 6,8 prosent av lærarane i kommunale grunnskular i fylket ikkje fyller kompetansekravet for tilsetting – det utgjer 252 av 3717 lærarar – og står fram som ei auke dei siste åra. Det er store skilnader mellom kommunar med variasjon frå 0 til 35 prosent. Utfordringa er stor når det gjeld lærarrekruttering, då over 500 lærarar i grunnskulen er over 60 år og skal erstattast i løpet av få år, skriv Fylkesmannen.

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten 2017 av ei ny femårig grunnskulelærarutdanning på masternivå, både for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn. Studieleiar ved Grunnskulelærarutdanninga i Volda, Oddvar Aalde, ser mange fordelar ved at utdanninga har blitt ei mastergrad. Her kan du lese meir om det.