«Kompetanse for framtida»

Nye styremedlemmer ved Høgskulen i Volda

Publisert: 22.02.2017 10:35 av Terese Balsnes

Nils Peter Skeide og Oddbjørn Følsvik er nye styremedlemmer ved Høgskulen i Volda.

skeide_folsvik.jpg

Nils Peter Skeide og Oddbjørn Følsvik

Kunnskapsdepartementet har peika ut Nils Peter Skeide (Ulsteinvik) som nytt styremedlem ved Høgskulen i Volda etter professor Endre Brunstad som har vorte tilsett som professor II ved høgskulen. Vara for Nils Peter Skeide er Oddbjørn Følsvik (Folkestad) som går inn i staden for professor Rune J. Krumsvik som også har vorte tilsett som professor II ved Høgskulen i Volda.

Skeide har økonomisk utdanning og er i dag tilsett i investeringselskapet Ulsmo i Ulsteinvik. Følsvik har ingeniørbakgrunn og er tilsett ved Scana Volda.

Høgskulestyret har 11 medlemmer der 5 er valde blant tilsette på Høgskulen i Volda – inkludert rektor og prorektor. Studentane vel to representantar og Kunnskapsdepartementet peikar ut fire.

På våre nettsider finn du meir informasjon om høgskulestyret. Der står blant anna innkallingar, protokollar og oversyn over medlemmer.