«Kompetanse for framtida»

– Unik moglegheit for barnehagane

Publisert: 21.02.2017 09:25 av Per Straume

For første gong kan barnehagar få økonomisk tilskot frå Utdanningsdirektoratet når tilsette tek vidareutdanning gjennom Høgskulen i Volda.

stebak2_620.jpg

Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen er ei ny utdanning ved Høgskulen i Volda (HVO) frå hausten 2017 av. Den er ein del av Utdanningsdirektoratet si satsing «Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014 – 2020». Det spesielle med utdanninga er at barnehagane kan søke om eit tilretteleggingstilskot på 50.000 kroner for kvar tilsett som tek utdanninga.

Les meir om utdanninga og søk innan 1. mars her.

Allsidig kommunikasjonskunnskap

– Dette er ei unik moglegheit for barnehagane. I tillegg til den gode økonomiske ordninga, ser ein gjennom undersøkingar at det skjer noko positivt når ein får rettleiarar inn i barnehagen, fortel førsteamanuensis i pedagogikk og fagansvarleg, Gerd Sylvi Steinnes.

I fylgje nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 15 studiepoeng i rettleiing. Gjennom den nye utdanninga – som tel 30 studiepoeng og går over eit år – skal studenten få omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon, og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing.

– Utdanninga er primært for dei som vil vere praksislærarar, men det gir også ein gevinst for heile barnehagen. Ein vil ha nytte av kunnskapen når ein skal rettleie barna, foreldra og kollegaane sine. Dei som tek utdanninga vil også mellom anna få mykje kunnskap om kommunikasjon, som ein kan nytte i det interne arbeidet med personalet for å utvikle barnehagen, fortel Steinnes.

Samlingar i Ålesund

Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen er samlingsbasert, med tre samlingar a to dagar per semester. Alle samlingane vil gå føre seg i Ålesund. I tillegg til samlingane er det lagt opp til nettbasert undervisning. Det vert lagt opp til studentaktive læringsformer, og studentane skal også gjennomføre rettleiing i eigen barnehage. I løpet av utdanninga skal studentane gjennomføre og få godkjent fem arbeidskrav.

– Ein søker opptak til utdanninga gjennom Utdanningsdirektoratet, og det er dei saman med barnehagane som prioriterer søkarane. Vi har eit omfattande samarbeid med Utdanningsdirektoratet og er sikker på at dette vert bra, seier Ole Frank Bakken, rådgivar og ansvarleg for utdanninga ved HVO.

stebak_620.jpg
Gerd Sylvi Steinnes og Ole Frank Bakken er ansvarlege for den nye vidareutdanninga ved Høgskulen i Volda.

Naturfag og matematikk i barnehagen

Naturfag og matematikk er også ei utdanning der barnehagane kan søke tilskot frå Utdanningsdirektoratet, og som går over eit år frå hausten 2017 av.

Les meir om då den utdanninga vart starta opp i 2016.

Her kan du også lese om barnehagelærarar som starta på Naturfag og matematikk i barnehagen hausten 2016.

Gode ordningar for lærarar i skulen

Utdanningsdirektoratet støttar også vidareutdanningar for lærarar i skulen økonomisk, gjennom satsinga «Kompetanse for kvalitet». Høgskulen i Volda tilbyr 10 ulike utdanningar i denne kategorien, alle med søknadsfrist 1. mars. Dette gjeld for faga engelsk, matematikk, naturfag og norsk på ulike nivå.

For desse utdanningane finst det to ulike støtteordningar:

  • Den eine er ei stipendordning der studenten får 100.000 kroner.
  • Den andre er ei vikarordning der studenten kan få redusert sin stillingsprosent med 37,5 prosent utan trekk i lønn. Då får skuleeigar tilbakeført kostnadane for dette, som er 240.000 kroner om studenten tek matematikk eller naturfag og 192.000 for engelsk og norsk.

Søk vidareutdanning gjennom «Kompetanse for kvalitet» innan 1. mars her.

Utan å legge føringar held Ole Frank Bakken, som tidlegare har vore rektor ved ein ungdomsskule i nesten sju år, ein knapp på vikarordninga.

– Begge er gode støtteordningar, men eg har sjølv sett at lærarar som tek vidareutdanning må få tid til å vere student, og det får dei best til gjennom vikarordninga. Då er det viktig at rektorane legg til rette og gir lærarane fri ein heil dag, og ikkje nokon timar her og der, seier Bakken.