«Kompetanse for framtida»

Ser mange fordelar med ny grunnskulelærarutdanning

Publisert: 15.02.2017 15:15 av Per Straume

Høgare lønn, djupare fagleg kompetanse, moglegheit for utveksling og meir spennande fag å velje i er noko av det dei fagtilsette ser for seg at den nye grunnskulelærarutdanninga over fem i år Volda vil gi studentane.

Arbsem1_620.jpg
Ei av gruppene av tilsette ved Grunnskulelærarutdanninga og tilsette ved praksisskulane i diskusjon under seminaret.

Under eit arbeidsseminar over to dagar fikk dei tilsette ved Høgskulen i Volda som arbeider med Grunnskulelærautdanninga diskutert, planlagt og kome med mange idear om den nye utdanninga som vert eit masterløp over fem år frå hausten 2017.

Etter gruppearbeid og gode faglege diskusjonar fekk vi studieleiar ved Grunnskulelærarutdanninga, Oddvar Aalde, til å summere opp litt.

– Er fagmiljøet ved Høgskulen i Volda klare til å starte opp med en grunnskulelærarutdanning på masternivå frå august 2017 av?

– Det er vi og dette seminaret bidreg til det. På grunn av at vi måtte få godkjent den nye utdanninga rundt nyttår og har arbeidd med søknaden og planar for utdanninga sidan sommaren 2016, i motsetning til dei aller fleste andre universitet og høgskular, har vi arbeidd med dette systematisk over ein lang periode. Det ser eg på som ein fordel for Høgskulen i Volda, svarar Aalde, før han held fram:

– Mykje av dette seminaret har gått med til å snakke om korleis vi skal få sette desse planane ut i livet. Vi har delt kunnskap om kvarandre sin fag for å stå best mogleg rusta til hausten. Det gjer også at ein får samhandling mellom faga og ein heilskap i utdanninga som er viktig.

Innspel frå praksisfeltet

Lærarar og andre tilsette frå skulane der studentane har praksis var også med på seminaret. Heilt nødvendig for å gjere den nye grunnskulelærarutdanninga best mogleg frå starten av, meiner Aalde.

– Det har også med utdanninga som heilskap å gjere. Dei kom med mange gode innspel og vi skal ha eit enda tettare samarbeid framover. Vi arbeider med dette kontinuerlig mellom anna for at praksisen for studentane skal vere fagleg god og relevant.

Studentane som tek til ved den nye grunnskulelærarutdanninga i Volda skal velje eit masterfag som følgjer dei gjennom heile utdanninga, og som dei i det femte og siste året skal skrive ei masteroppgåve som tel 30 studiepoeng.

Studentar på grunnskulelærarutdanning 1. - 7. trinn kan velje mellom desse masterfaga: norsk, matematikk og spesialpedagogikk.

Studentar på grunnskulelærarutdanning 5. - 10. trinn kan velje mellom desse masterfaga: norsk, matematikk, spesialpedagogikk, engelsk og samfunnsfag.

Fleire plussteikn

– Kva vil vere dei største skilnadane elles?

–  Eg vil jo nemne at studentane får ei større fordjupning i masterfaget sitt, også didaktisk, enn det ein får med modellen som er i dag. Elles vert det fleire spennande fag å velje mellom i andre studieår; kroppsøving, spesialpedagogikk, naturfag, religion, livssyn og etikk (RLE), og digital kompetanse i læring. I tillegg kan ein også ta eit internasjonalt semester, der ein reiser på utveksling i eit anna land. Samstundes er det også lagt opp til tettare kopling mellom fag og praksis, svarar Aalde, før han presiserer at den nye utdanninga gir mindre rom for innpassing av fag som ein student eventuelt har teke tidlegare eller tek langs med grunnskulelærarutdanninga.

arbsem_150.jpg

Aalde nemner også at lønna for dei som gjennomfører masterutdanninga vert annleis enn den er for lærarar som er uteksaminerte med dagens utdanning over fire år.

– Studentane som går ut frå Høgskulen i Volda med den nye lærarutdanninga vert ikkje adjunktar, men får lektorkompetanse, som igjen betyr høgare lønn. Og det er ein ganske merkbar skilnad.

Under seminaret var deltakarane delt inn i fire grupper som tok for seg praksis, akademisk skriving og forsking og utvikling, tema på tvers av fag og administrative oppgåver inn mot den nye mastergraden. Dette arbeidet vart skriftleggjort og skal brukast i den vidare planlegginga.

Tek vare på regionen

Også dei tilsette som arbeider med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og Barnehagelærarutdanninga ved høgskulen hadde sine arbeidsseminar i Loen.

Arbsem3_620.jpg
Bjørnar Sæterås (i midten av bildet), studieleiar for PPU, fikk i gang fleire gode diskusjonar.

PPU-seksjonen arbeidde spesielt mykje med samanhengen mellom undervisning på HVO og praksisopplæringa. Det gjekk mellom anna på rolleavklaringar for til dømes studenten, dei fagtilsette ved HVO og praksislærarane ute i skulane der studentane har praksis.

– Vi vil arbeide mot ein større heilskap i utdanninga og få enda betre integrering av praksisen for studentane. Utdanninga skal vere praksisnær og vi skal få til ein større indre samanheng med praksisfeltet, seier Bjørnar Sæterås, studieleiar for PPU.

PPU er mogleg å ta både på heil- og deltid ved HVO. Sæterås og hans kollegaer har sett på organiseringa for deltidsstudentane, og ser rom for forbetringar.

– Vi vil lage ei betre innretting for deltidsstudentane, det skal verte lagt til rette for dei. PPU skal vere ei god utdanning for dei som vil det i heile vår region, og vi kjem til å halde fram med samlingar i både Molde og Ålesund.

Ny modell

Dei tilsette ved Barnehagelærarutdanninga hadde også invitert med seg tilsette frå praksisfeltet for å få gode innspel. Dei fikk også mykje informasjon om den nye modellen utdanninga legg opp til frå hausten 2017.

– I all hovudsak vil den nye modellen bety at nokre emne vert mindre, også i form av studiepoeng, og nokre større. Men innhaldet i utdanninga vert ikkje endra og studentane skal lære det same som dei har gjort tidlegare, fortel Elisabeth Welle, studieleiar ved Barnehagelærarutdanninga.

Med den nye modellen vil utdanninga verte meir ryddig både for studentane og faglærarane.

– I tillegg har vi gjennom seminaret fått skapt gode relasjonar på tvers av fag og kunnskapsområde. Det gjeld også dei frå praksisfeltet, som vi ønsker å få kunnskap frå for å skape ein god profesjon. Det er heilt nødvendig å ha dei med, seier Welle.