«Kompetanse for framtida»

Workshop om tradisjonskunst

Publisert: 10.02.2017 15:25 av Per Arne Brandal

Studentane ved formgiving, kunst og handverk gjennomfører no ein workshop under leiing av kunsthandverkar Audun Røhnebæk Stikbakke, for tida masterstudent ved Raulandsakademiet.

– Eg er svært oppteken av tradisjonskunst, og i dag lærer eg studentane å føye saman bitar av tre utan å bruke lim eller spikar, seier han.

Design

Som innleiing til den praktiske delen av workshop’en, hadde Audun Røhnebæk Stikbakke ei førelesing om designprosessar.  

Stikbakke viser ein del av forføyningane studentane har laga.

Tradisjonskunst

– Dei siste åra har eg spesialisert meg på skandinavisk tradisjonskunst, i første rekkje interiør, møblar og brukskunst. Masteroppgåva mi vil handle om tradisjon og fornying og eldre hotellinteriør, seier Stikbakke.

Stikbakke_m_stud_620.jpgStikbakke saman med bachelor- og faglærarstudentar ved Seksjon for formgiving, kunst og handver.

– Fantastisk seminar

Aslaug Maria Djupvik går siste året på den tre-årige faglærarutdanninga. Ho synest det er flott å lære godt gammalt handverk.

Aslaug_M_Djupvik_620.jpgAslaug Maria Djupvik går siste året på den tre-årige faglærarutdanninga i kunst og handverk.

– Seminaret er heilt fantastisk. Skal ein utvikle seg kreativt er det viktig å ha inngåande kunnskap om materiale og teknikkar, slår ho fast.

Stikbakke_m_stud_620b.jpgIkkje noko å seie på innsats og engasjement.

Les meir om bachelor i kunst og handverk.