«Kompetanse for framtida»

Verdfull boksamling til Volda

Publisert: 09.01.2017 11:20 av Per Straume

Professor emeritus Oddvar Nes, som gjekk bort i september i fjor, lét etter seg ei svært verdfull og innhaldsrik privat boksamling på om lag 5000 bøker. No skal Høgskulen i Volda i samarbeid med Universitetet i Bergen forvalte denne bokskatten.

boksamling3_620.jpg
Spesialbibliotekar Kirsti Langstøyl (f.v.), professor emeritus Terje Aarset og bibliotekleiar Henriette Hafsaas Tsakos ser over eit knippe av bøkene.

106 flyttekasser er frakta frå Bergen til Volda, og i tillegg står det att 24 kasser i Bergen. No tek arbeidet til med å sortere alle desse bøkene som Oddvar Nes (1938 – 2016), professor i nordisk språkvitskap, samla gjennom livet. Boksamlinga er gitt til Universitetet i Bergen (UiB), som får hjelp av Høgskulen i Volda (HVO) til sorteringsarbeidet. UiB har førsteretten til bøkene og lèt den omfattande etymologiske litteraturen gå inn i dei Språksamlingane som er blitt overførte frå Universitetet i Oslo. Det aller meste av resten, deriblant allmenne ordbøker og ein omfattande dialekt- og namnelitteratur, gir UiB vidare til HVO.

Sjeldan og med høg verdi

I Volda har Terje Aarset, også han professor emeritus i norsk, så vidt begynt å dykke ned i materien. Han var med og pakka ned bøkene i huset til Nes på Askøyna utanfor Bergen, og no har han ansvaret ved HVO for å pakke dei opp igjen og sortere dei.  

– Dette er ei av dei største og finaste private samlingane av språklitteratur her i landet, truleg den største private ordboksamlinga i Noreg, og når det gjeld etymologiske ordbøker, ei av dei største i Norden, seier Aarset. Med eit grovt overslag reknar han med at boksamlinga har ein verdi på minst éin million kroner.

Johan Myking, leiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB, har leia arbeidet med å få boksamlinga overdregen til UiB frå arvingane etter Nes. I tillegg til Aarset har mykje av det praktiske arbeidet falle på Helge Sandøy, professor i nordisk språkvitskap ved UiB og Rune Kyrkjebø, førstebibliotekar ved UiB.

Samarbeidsavtalen vi har med UiB, er grunnen til at vi i det heile teke vart spurde. Det var lett for oss å seie «ja» til dette, og eg er svært glad for at Terje Aarset tek på seg det vidare arbeidet i samarbeid med biblioteket. Eg reknar Terje og Oddvar til den klassiske typen akademikarar som meiner bøker er det mest kostesame som finst, i fagleg tyding. Bøkene er no komne i dei beste hender, og boksamlinga vil HVO og UiB ha glede av i mange år framover. Eg er sikker på at Oddvar Nes ville ha syntest at dette var storveges, seier Johann Roppen, rektor ved HVO.

Garanterer skattar

Oddvar Nes var fødd i Volda i 1938 og voks opp her. Aarset og Nes vart kjende i 1976, då Aarset var vitskapleg assistent ved Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim. Eit nært samarbeid, og etter kvart venskap, fekk dei først våren 1991, då Jarle Bondevik og Nes tok initiativet til å skipe Ivar Aasen-selskapet og inviterte Aarset med på laget. Aarset og Nes hadde mesta dagleg kontakt siste tjue åra, seinast berre eit par veker før Nes gjekk bort.

– Kva reknar du med å finne i denne samlinga?

– Her er iallfall nokre skattar – det er eg sikker på. Sjølv om Universitetet i Bergen har førsteretten til å velje bøker, vil denne samlinga vere med på å gi biblioteket ved Høgskulen i Volda eit løft på områda leksikografi (ordbøker), språkvitskap, målføregransking og namnegransking, svarar Aarset.

boksamling2_620.jpg
Rolf (t.v.) og Bjørnar Liaskar frå Drift hadde ein stor jobb med å pakke ut og frakte bøkene til rett rom.

Vart overraska

Nes samla heilt frå ungdomen litteratur med tilknyting til Sunnmøre, særleg innanfor områda språk, folkeminne og lokalhistorie. Denne delen av boksamlinga er reservert for HVO. Henriette Hafsaas Tsakos, bibliotekleiar ved HVO, ser fram imot å skulle forvalte desse bøkene etter Nes.

– Vi er sjølvsagt spente på kva som skjuler seg i mange av kassene, men trur at det vil vere interessante bidrag for oss, særleg tidlege utgivingar av sunnmørslitteratur og bøker som kan vere supplement til samlinga vår på ulike språklege fagfelt. Vi på biblioteket er glade for at UiB ville dele bokskatten etter Oddvar Nes med HVO, og vi takkar Terje Aarset for initiativet, rektor for støtta og Drift for fleksible løysingar, seier Hafsaas Tsakos.

I tillegg til bøkene dukka det også opp ein stol då flyttelasset vart levert i Volda. – Eg vart overraska då eg såg at det følgde ein stol med på lasset frå Bergen. Det er ein vakkert utskoren stol, som truleg er laga av far til Nes då han i sin ungdom gjekk på arbeidsskulen i Holmøyane.

– Det er eit artig samantreff at figuren som dekorerer stolryggen er frå Åsnes, heimstaden til ein av konsulentane på biblioteket – Elin Gundersen. Figuren er Kaptein Dreyer i slaget mot svenskane ved Trangen i 1808, og dette slaget vert rekna som opptakten til frigjeringa i 1814. Vi vil finne ein høveleg plass for dette klenodiet i biblioteket, lovar Hafsaas Tsakos. 

stol_620.jpg

Spesielle funn

Medan Aarset opnar ei av kassene og blar i nokre av bøkene, gjer han seg nokre tankar:

– Det som er spesielt med denne samlinga, er at det nesten er berre språklitteratur. Her er bøker og skrifter som eg ikkje visste eksisterte, seier Aarset og viser mellom anna fram eit hefte om «Nynorsk i apotek» som kom ut i Førde i 1935. Han vonar å vere ferdig med sorteringsarbeidet til påske.

 

Fakta om Oddvar Nes:

  • Fødd 27. desember i 1938 i Volda, død 18. september 2016.
  • Etter militærtenesta reiste Oddvar Nes til Universitetet i Bergen (UiB) for å studere filologi. Der tok han magistergraden i germansk språkvitskap i 1968. UiB vart arbeidsstaden hans i heile 44 år, til han var 70.
  • Etter eit år som universitetsstipendiat vart Nes frå 1969 tilsett som amanuensis ved Nordisk institutt (frå 1973 førsteamanuensis) med særleg ansvar for stadnamnsamlinga. Frå 1987 til 2008 var han professor i nordisk språkvitskap.
  • Oddvar Nes var ein framifrå fagmann på mange område innanfor faget nordisk. Mest kjend er han likevel som namnegranskar, med vekt på stadnamn.
  • Dialektologi og bibliografi var andre fagområde som Nes var oppteken av. I 1987 gav han ut Norsk dialektbibliografi (387 sider), som han arbeidde med i tjue år.
  • I 1991 skipa han, saman med Jarle Bondevik og Terje Aarset, Ivar Aasen-selskapet. Det skulle ha til oppgåve å gje ut etterlatne manuskript etter Ivar Aasen (serie A) og avhandlingar om Aasen og verket hans (serie B). Serie A kom ut med 10 band frå 1992 til 2006 (om lag 2500 sider).

pressefoto

Kirsti Langstøyl, Terje Aarset og Henriette Hafsaas Tskaos1
Kirsti Langstøyl, Terje Aarset og Henriette Hafsaas Tsakos2
Rolf og Bjørnar Liaskar
Stolen