«Kompetanse for framtida»

Studentar sette smaksløkane i sving

Publisert: 21.12.2016 16:15 av Per Straume

Faglærarane i emnet Mat, kultur og konservering fekk både ein god forsmak på jula og ei overrasking når dei skulle teste produkta studentane hadde laga.

matk2_620.jpg
Erik Fooladi (f.v.), Kari Ryslett og Ammar Ali Hassan ser over produkta som studentane har laga.

Studentane skulle lage fem ulike matprodukt som eit arbeidskrav i dette emnet. Og ikkje uventa var det eit krav at all maten dei leverte måtte inn vere konservert.

Prosessen viktigare enn produktet

– Dette er ein måte å knyte saman teori og handverk på. Dei har levert skriftleg dokumentasjon av produksjonen i form av blogginnlegg, fortel førsteamanuensis Erik Fooladi og høgskulelektor Kari Ryslett som er ansvarlege for emnet.

Saman med førsteamanuensis Ammar Ali Hassan smakte deg seg gjennom matkassene som studentane hadde gjort seg flid med.

– Dette er ikkje ein kokkeskule, så ein stryk ikkje om det syltetøyet ein har laga er litt mygla. Men slikt er heller ikkje noko vi har funne, det ser fantastisk ut og det er flotte produkt dei har laga. I tillegg til det er det kunnskap om prosessen fram til ferdig produkt som vi er opptatt av, seier dei.

Vart overraska

Studentane sjølv kåra den beste matkulturbloggaren og vinnaren vart Mari-Lene Korsnes. Sjå bloggen hennar her.

Vi var med då fagfolka gjekk gjennom dei fem produkta ho leverte frå seg som sitt svar på arbeidskravet. Sjølv om fenalåret ikkje var heilt ferdig og trengde litt meir tid til å bli tørka, fekk det absolutt tommelen opp. Neste produkt ut var eit plommesyltetøy som såg innbydande ut.

– Her er ikkje glaset heilt tett, men det er både god smak og konsistens og fargen er fin, konkluderte Fooladi.

Då fagpersonane kom til tyttebærgeleen som Korsnes hadde laga, fekk dei seg ei overrasking. Ho hadde berre brukt bær, sukker og vatn får få til geleen.

– Tyttebærgele har ikkje prøvd før, og visste ikkje at det gjekk an å lage det på denne måten utan å tilsette det noko meir. Dette skal eg begynne å lage framover, kommenterte den svært så matkyndige Ryslett.

matk3_620.jpg
Erik Fooladi skriv ned tilbakemldingane på produkta til Mari-Lene Korsnes.

Lefsene og pepperkakene, gode og tradisjonelle julevarer, gjekk også rett heim hos «dommarane». Dermed vart det ikkje vanskeleg å la Korsnes få bestått.

Mykje lærdom

Gjennom semesteret har studentane vore gjennom fem samlingar som har hatt kvart sitt tema:

  • safting, sylting og hermetisering
  • formidling av matkultur
  • kjøtt og slakt
  • korn, mel og bakst
  • jul og juletradisjoner

– Konservering er ein stor del av matkulturen i landet vårt. Her har vi til alle tider stort sett berre kunne hauste mat ein gong i året og då har ein opp gjennom tida måtte konservere maten for å få den til å halde i eit heilt år, seier Fooladi.

matk4_620.jpg
Studentane hadde gjort seg flid med innleveringsarbeidet sitt.

Sjølv om han var godt nøgd med at produkta i år var tilfredsstillande og vel så det, kunne han tenkt seg at nokon hadde feila.

– Det er spennande når det går galt ein stad i prosessen. Da blir det eit detektivarbeid for å finne feilen. Det er veldig læringsfremjande å analysere kva som har gått gale. Dessverre er alle produkta her veldig gode, smilar Fooladi.