«Kompetanse for framtida»

Høgskulen med på unik teknologisatsing

Publisert: 21.11.2016 18:25 av Per Straume

Ulstein kommune vil vere leiande i landet på teknologi i grunnskulen gjennom si nye satsing «Teknologiskulen». For å få til det har dei henta inn kompetanse frå Høgskulen i Volda.

tekn1_620.jpg
Høgskulelektor Synnøve Amdam under presentasjonen for lærarane i Ulstein måndag.

Måndag var lærarane i grunnskulen i Ulstein kommune samla for å få informasjon om den nye vidareutdanninga dei skal ta til på når vi skriv 2017. «Teknologiskulen» er eit delprosjekt av storsatsinga «Læringsarena Ulstein».

– Målet er at elevane tidleg skal få kjennskap til teknologi, kva den brukast til og få interesse for det. Vi er den første kommunen i Norge som har sagt at alle elevane skal lære seg koding. Det arbeidslivet elevane våre skal ut i vil dreie seg mykje om bruk av teknologi og difor er dette viktig for oss, fortel Gry Nordal, kommunalsjef for oppvekst i Ulstein kommune.

I førre veke deltok ho og fleire frå kommunen på skuleleiarkonferansen «Skolen i digital utvikling» i regi av NTNU og Kunnskapsdepartementet. Då var det nesten så Nordal trudde at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen hadde kopiert planane deira, då han heldt opningstalen under konferansen.

– Han ramsa opp det vi skal gjere i kommunen, så eg sat nesten berre å venta på at han skulle nemne Ulstein, smiler Nordal.

Skreddarsydd opplegg

For at elevane skal lære om teknologi, må lærarane ha kunnskap om det og kunne å formidle det. Det skal Høgskulen i Volda (HVO) hjelpe dei med. I eit år har Synnøve Amdam og Torbjørn Frantsen, ilag med fleire tilsette ved HVO, planlagt den nye vidareutdanninga saman med kommunen. Dei har laga fire emne som kvart tel fem studiepoeng, der lærarane skal velje seg eitt emne for semesteret. Kommunen har som målsetting at kvar av dei om lag 130 lærarane i kommunen skal bestå minimum to emne.

– Vi ønskjer å vidareformidle ei pedagogisk bevisstgjering rundt teknologibruk i skulen. Det skal gå på tvers av fag og nivå, og vi vil tilpasse opplegget etter det, seier Amdam.

Gry Nordal synest vidareutdanninga som skal settast i verk om knappe to månader ser veldig bra ut.

– Vi får eit skreddarsydd opplegg der høgskulen har laga små emne som er helt perfekt for oss. Det gjer at lærarane våre får gjennomført vidareutdanninga i arbeidstida si. Når i tillegg all undervisning vert lagt til Ulsteinvik, kunne ikkje dette ha vorte så mykje betre, seier Gry Nordal.

Utvikling undervegs

«Teknologiskulen» har fått 1,5 millionar kroner i regionale utviklingsmidlar av fylkeskommunen, same sum har også Ulstein kommune gått inn med i prosjektet som i første omgang har eit perspektiv på to år. Høgskulen på si side støttar prosjektet i form av forskingstid, og pilotmidlar – midlar som skal heve utdanningskvalieten ved hjelp av teknologi.

– Dette er noko vi gler oss til å halde på med. Det er unikt i Norge at alle lærarane i ein kommune skal ta ei slik vidareutdanning og det er det artig å vere med på. Medan vi held på, vil vi utvikle undervisningsmodellen og ha følgjeforsking undervegs for at dette skal verte best mogleg, informerer Amdam.

tekn2_620.jpg
Høgskulelærar Torbjørn Frantsen (f.v.), høgskulelektor Synnøve Amdam, prorektor ved Høgskulen i Volda Jens Standal Groven, kommunalsjef for oppvekst i Ulstein kommune Gry Nordal og prosjektleiar i Ulstein kommune Audun Hopland har samarbeida tett om prosjektet.

Glimrande døme

I undervisningsopplegget sitt vil Amdam og kollegaane legge stor vekt på at lærarane skal prøve ut det dei lærer i eigen undervisning. Det vil verte ein stor del av læringa for deira del, og også ein del av mappeeksamenen som avsluttar kvart emne.

– Det er kjempespennande og vi veit at det er interesse for ei sånn form for vidareutdanning for tilsette i vidaregåande skular, mellom anna her i Ulsteinvik. Vi ser også for oss at dette kan utvidast til andre kommunar på sikt, seier Amdam.

Ho får følgje av kommunalsjefen for oppvekst i Ulstein.

– Dette er eit glimrande døme på samarbeid mellom ein høgskule og ein kommune i nærmiljøet. Vi hadde ikkje fått til ei vidareutdanning med same omfang utan det opplegget Høgskulen i Volda lagar for oss. Vi får kunnskapen og kompetansen frå høgskulen inn i vår kvardag og dei har forstått kva vi vil ha. Vert sjølve undervisninga gjennomført på ein like god måte som planlegginga, vil dette verte svært bra, spår Nordal.

pressefoto

Synnøve Amdam og lærarane
Torbjørn Frantsem, Synnøve Amdam, Jens Standal Groven, Gry Nordal og Audun Hopland