«Kompetanse for framtida»

Høgskulen ønskjer konsekvensanalyse av idrettshall

Publisert: 18.11.2016 14:50 av Johann Roppen

Høgskulen i Volda har i dag lyst ut eit konsulentoppdrag for å vurdere konsekvensar av planar om idrettshall på Joplassen.

1-Joplassen-sommar-620.jpg

Dei siste vekene har planar om å byggje idrettshall på Joplassen vorte mykje omtala i media og saka har også vorte løfta inn på den politiske dagsorden i Volda kommune. Det er selskapet Volda Campus Arena AS som står bak planane. Volda Campus Arena AS er eigd av KFUM Volda Volleyball og Volda handball.

Joplassen er eit område på ca 11 mål mellom Berte Kanutte Huset og E39.  I reguleringsplanen for Volda kommune er området sett av til framtidig utbygging av høgskulen i Volda og til skuleføremål. Volda kommune eig det meste av området men ein del av området på ca 4 mål har vore eigd av ein privat aktør som no har inngått avtale om sal til Volda Campus Arena AS.

Konsulentoppdraget er formulert slik:

"Framlegget om å byggje ein idrettshall på HVO sitt potensielle utviklingsområde kan få konsekvensar for utviklinga av HVO. HVO har også planar om eit nytt mediebygg som skal stå ferdig i 2020. Endeleg plassering av dette er ikkje avgjort. Men det vil mest truleg liggje på aksen mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset. Det nye mediebygget vil føre til at HVO misser mange parkeringsplassar. Vi ønskjer difor å gjennomføre ein konsekvensanalyse av det nye framlegget om plassering av idrettshallen."

Konsekvensanalysen skal byggje vidare på «Campusutviklingsplanen» og det tilknytte dokumentet «Stedsanalyse og strategisk arealkart» som vart utarbeidd før det var aktuelt å vurdere ein idrettshall på campusområdet. Høgskulen ser føre seg at ein analyse skal vurdere følgjande:

  • Vil plasseringa av ny idrettshall på Joplassen få konsekvensar for planane om nytt mediebygg (overlappande byggjeperiode/parkeringstilhøva)?
  • Vurdering av konsekvensar for studiemiljøet, tryggleik, interntransport og parkering i byggetida for eitt eller to samtidige prosjekt
  • Alternative plasseringar av ein idrettshall med to speleflater på campus – inkludert Joplassen
  • Vurdere trafikkale tilhøve som trafikk til og frå campus/tilkomst for både harde og mjuke trafikkantar/avkøyring/parkering/når på døgeret det vil vere trafikktoppar. Her må ein ta med konsekvensane av ein framtidig Voldatunnel
  • Kva konsekvensar har det for HVO å ha ein idrettshall på campus (sjølv om vi ikkje nyttar hallen til undervisningsføremål)
  • Konsekvensane av at HVO får mindre areal til framtidig utvikling 

Venteleg vil konsulentoppdraget vere gjennomført i løpet av januar.

Lenkje til konsulentoppdraget.

Campusutviklingsplanen til Høgskulen i Volda.