«Kompetanse for framtida»

Lær av ein av verdas ypparste fotografar

Publisert: 15.11.2016 13:20 av Per Straume

Han har teke bilde som har satt spor etter seg i verdshistoria. På Høgskulen i Volda deler Stuart Franklin av sin breie kunnskap i vidareutdanninga Documentary Photography.

Stuart_1_620_-_Krediter_Tanja_Pfoehler.jpg
Stuart Franklin, professor ved Høgskulen i Volda.                                          Foto: Tanja Pfoehler 

Verda fekk ei påminning om eit av dei mest kjende dokumentarfotoa, då folk nyleg vart nekta å legge ut bildet av den nakne jenta under Vietnamkrigen på Facebook.

– Eit foto kan endre historia, og vår oppfatning av vår samtid. Ikoniske foto som den nakne jenta som rømer frå napalbombene i Vietnam er eit slikt døme. Når du nemner Vietnamkrigen for folk over heile verda, er det nettopp dette fotoet ein hugsar. Biletet snudde ein verdsopinion. Bilete kan vere eit mektig våpen. Stuart Franklin har sjølv tatt eit ikonisk foto: Av den vesle mannen som prøver å stoppe ei lang rekkje med stridsvogner, under massakren på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda (HVO).

Her kan du søke om opptak til vidareutdanninga Documentary Photography.

Eineståande bakgrunn

Ho er både glad og stolt over å tilby ei vidareutdanning som set dokumentarfotoet i fokus, med ein av verdas beste i faget som lærar – engelskmannen og professoren Stuart Franklin.
Documentary Photography er eit emne som tek til i januar 2017, går over eitt semester og tel 30 studiepoeng. Undervisninga er organisert som ein kombinasjon av forelesingar, seminar og rettleiing som vil gå føre seg gjennom fem samlingar á fire dagar.

– Med Franklin får studentane ein av verdas ypparste fotografar. Han har vunne ei rekkje prisar, skrive ei rekkje bøker, han har jobba i felten under store verdshendingar som sveltkatastrofen i Sudan, borgarkrig i Libanon, han var på Heysel stadium i Brussel og mykje meir. Han har arbeidd for Time Magazine og National Geographic. Stuart er medlem av Magnum Photos. Han er ganske enkelt ein av verdas beste fotografar og no er han altså i Volda, seier ei godt nøgd Gregoriusdotter Rotevatn.

Mykje å lære bort

Historiefortellinga står sentralt når Franklin sjølv skal trekke fram kva ferdigheiter studentane skal tileigne seg gjennom vidareutdanninga.

– Studentane skal lære grunnleggande og avanserte ferdigheiter i visuell historiefortelling, inkludert teknikkar for planlegging, utforming og presentasjon av arbeidet for ei rekke forskjellige bruksområder. Studentane skal lære å undersøke kritisk fotografering og visuelle medium slik at dei etterpå er i stand til å utføre mange verdifulle roller i samfunnet. Då startar vi med prosjektleiing, for å øve på leiarroller innan fotografering og breiare visuelle medium. Det teoretiske og praktiske grunnlaget for arbeid i den profesjonelle verda av dokumentarsjangeren er dekt i denne vidareutdanninga, seier Franklin, som har vore medlem av den anerkjende fotografiske organisasjonen Magnum Photos sidan 1985, der han også var president frå 2006 til 2009.

Gregoriusdotter Rotevatn legg til at vidareutdanninga er mynta på dei som vil dokumentere hendingar og livet gjennom kameralinsa.

– Det er eit kurs som er nyttig for pressefotografar spesielt, men også portrettfotografar og dei som elskar å fotografere, men som kanskje manglar formell kompetanse på fotografi. Dette er også ein sjeldan sjanse til å få nye impulsar, utfordre seg sjølv som fotodokumentarist og lære svært mykje, seier dekanen.

Tek erfaringa i bruk

Franklin har mellom anna vunne World Press Photo Award, og har ei lang og innhaldsrik karriere bak seg. Den inneheld alt ifrå tøffe krigssituasjonar til dei meir oppdagande opplevingane i naturen. Det ønsker han at studentane skal nyte godt av.

– For det første, eg vil aldri gi studentane mine ei praktisk oppgåve som eg ikkje har gjort i mitt profesjonelle virke mange gongar sjølv. Mi erfaring vil hjelpe studentane til å tenke gjennom potensielle problem før dei oppstår, og dermed gi dei ein betre sjanse til å lukkast. For det andre, eg er i stand til å bruke mi erfaring til å vise kor vellukka fotografiske essays er gjennomført: rolla det har for innovasjon og eksperimentering, belysning og skaffe tilgang på feltet. Til slutt forklarar eg korleis det ferdige arbeidet er redigert og klargjort for publisering.

Få meir praktisk informasjon og søk om opptak til Documentary Photography her.