«Kompetanse for framtida»

Presenterte ein omdiskutert nynorskmann

Publisert: 09.11.2016 14:55 av Per Straume

Under si lansering av biografien om Peter Hognestad, kom Per Halse inn på kampen som presten, og seinare biskopen, kjempa for å få nynorsken inn i kyrkja.

Hognestad1_620.jpg
Per Halse las eit utdrag frå boka si under lanseringa.

I samtale med kollega og professor Anders Aschim, presenterte førsteamanuensis Per Halse boka «Peter Hognestad: Språkstrid og heilag fred» i biblioteket ved høgskulen. Etter at dei frammøtte hadde sunge «Fager kveldsol smiler» saman, opna Per Halse med å seie:

– Songen vi song no er kanskje meir kjend enn omsettaren.

Omdiskutert

Den velkjende salmen vart i si tid oversett frå tysk til norsk av Peter Hognestad (1866-1931). Men Halse var raskt frampå for å gjere det klart at Hognestad var veldig mykje meir enn ein diktar. Etter Elias Blix, var presten frå Time på Jæren den som arbeidde mest med å forme og innføre eit nytt norsk kyrkjespråk, ifølge Halse.

Hognestad omsetje tekst- og alterboka i kyrkja til nynorsk. I 1901 vart han  den første til å halde høgmessepreike på nynorsk i hovudstaden.

– Det var fleire kandidatar til å gjere det, men Hognestad var mannen som gjorde det og stilte opp. Han var ein som gjorde ting først og gjekk framfor. Det gjaldt også då han fekk arbeid som ungdomsprest i Oslo og heldt preikene sine på landsmål, seier Halse.

Då Menighetsfakultetet vart oppretta i 1908, vart Hognestad kalla til lærar der.

– Då sette han som vilkår at han skulle få bruke landsmål i arbeidet sitt ved fakultetet. Det var ganske omdiskutert.

Stø og trygg, men tvilte

I 1916 vart Hognestad biskop i Bjørgvin, men heller ikkje det var utan bråk. For han sto framleis hardt på at han ville bruke nynorsken i sitt arbeid.

– Departementet fekk ein haug med støtteskriv frå ulike lag og organisasjonar som ønska Hognestad som biskop. Bakgrunnen for det var målsaka han førte kopla saman med det nasjonale og bygde- og bondekulturen. Også prestar og prostar var positive til Hognestad, men ikkje når det kom til målsaka og engasjementet hans i den. Der møtte han sterk motbør frå mange, men vart likevel biskop, fortel Halse.

Hognestad vaks opp i ein kristen heim som var open for ulike kulturar. Han vart påverka av ulike lag i samfunnet i heimbygda si Time. Etter at han vaks opp møtte han også ein del motgang i arbeidet med målsaka. På spørsmål om korleis Halse vil beskrive Hognestad, svara han mellom anna:

– Han var ein stø og trygg person – det er mitt hovudinntrykk. Men i arbeidet med boka fann eg mange brev frå studietida der han også skreiv ope om tvil og tunge tankar.

Kjem Tett på

Hognestad2_620.jpg
Anders Aschim (t.v.) og Per Halse hadde en god tone under presentasjonen.

Etter at Halse leste eit utdrag frå boka, vart han utfordra på om det er forsking eller skjønnlitteratur han har arbeidd med.

– Samlaget, som eg har gitt ut boka på, syntest det var vel mange noter, men vi vart samde om at alle fekk vere med. Det meste eg har skrive er belagt med dokumentasjon, og elles skal det kome klart fram kva som er eigne refleksjonar og vurderingar.

– Kva gir ein slik biografi oss?

– Det gir ein bakgrunn for kvifor Hognestad og hans likemenn vart som dei vart. Politiske og teologiske strukturar var sjølvsagt viktige, men ein slik biografi vert som å sjå gjennom eit prismeglas – ein kjem så mykje tettare inn på folk og detaljar i utviklinga.

Saman med Anders Hovden og Bernt Støylen gav Hognestad i 1925 ut Nynorsk Salmebok. Han var også hovudredaktør for den fyrste heile Bibelen på landsmål, Studentmållaget sin «Fyrebilsbibel» frå 1921.