«Kompetanse for framtida»

Vil gjere meir enn å berre digitalisere eksamen

Publisert: 08.11.2016 15:40 av Per Straume

I løpet av eit år har Høgskulen i Volda dobla talet på digitale eksamenar. No ser høgskulen mot å utnytte potensialet i dei digitale verktøya og få til nye vurderingsformer.

dig1_620.jpg
Hilde Gry Leer-Salvesen (t.v.) og Hilde Kristin Elvestad arbeider med digitalisering av eksamen og vurderingsformer ved høgskulen.

Hausten 2015 vart ein tredel av dei skriftlege eksamenane ved Høgskulen i Volda gjennomført digitalt. I eksamensperioda ein no går inn i sit to tredelar av studentane bak ein PC når dei skal levere sin skriftlege eksamen. Det har naturlegvis vore ei ønska utvikling ved høgskulen, men samstundes ser ein også på moglegheitene dei nye digitale verktøya gir til å endre på vurderingsformene.

Tid for refleksjon

Det vart det sett fokus på når ein inviterte til seminar for dei tilsette ved høgskulen onsdag. Bak seminaret sto Hilde Kristin Elvestad, prosjektansvarleg for digital eksamen ved HVO, og Hilde Gry Leer-Salvesen, rådgivar i e-læring ved HVO.

– Vi ønsker å utfordre dei tilsette til refleksjon for å få til dei beste vurderingsformene for studentane. Ein må tenkje gjennom kvifor ein vel den vurderingsforma ein gjer, seier Leer-Salvesen.

Elvestad har vore med på å lagt til rette for at høgskulen har fått i stand fleire digitale eksamenar. Også ho tenker eit skritt vidare.

–  Det digitale er eit verkemiddel som opnar til større moglegheiter og fleire eksamensformer. Men ein må også tenke på ulike vurderingsformer undervegs i eit semester. Vi opplever at studentane etterspør digitale eksamenar, seier Elvestad.

I arbeidet med å få til digitale eksamenar ved høgskulen har dei faglege tilsette spelt ei viktig rolle. Dei vil Leer-Salvesen gi eit klapp på skuldra.

– Dei har tatt utfordringa og satt seg inn i det. No ser vi etter og utfordrar dei til å ta i bruk fleire digitale vurderingsformer.

Vurderingsforma set sterke føringar

Akkurat det fekk dei eit innblikk i av Arild Raaheim, professor i universitetspedagogikk ved Universitetet i Bergen (UiB) og Norges handelshøyskole (NHH), som har hatt eit spesielt forskingsmessig fokus på forholdet mellom vurdering og læring. I foredraget sitt la han vekt på at måten ein vurderer studentane på bestemmer ein rekke ting.

– Det går på kva dei lærer, korleis dei lærer og deira forståing av kunnskap, altså kva det betyr å kunne noko. Vurderingsforma er det mest potente middelet undervisarar har til å styre studentane si læring. Då må ein stille seg spørsmålet om kva ein ønsker å vurdere, sa Raaheim.

Han deler digitaliseringa av høgare utdanning inn i lågterskel- og høgterskelrute. Raaheim meiner at det aller meste av det som er innført på høgskular og universitet i dag er er i lågterskelruta. Får kome over i den andre ruta – som han heilt klart føretrekker – må ein bruke teknologien til å omskape undervisnings- og vurderingsformene.

– Kven orkar å sjå på to gongar 45 min med forelesing?, 30 minutt er meir enn nok. Eg meiner at ein må redusere talet på undervisningstimar og formatet.

dig2_620.jpg
Arild Raaheim var klar i sitt budskap til dei tilsette ved Høgskulen i Volda.

Snur heilt om

I si ferske bok «Eksamensrevolusjonen: Råd og tips om eksamen og alternative vurderingsformer», lanserer Raaheim 40 alternative vurderingsformer.

Eit av alternativa er å snu om på student- og forleser-rollene.

– I staden for at studenten sit og skriv i fire timar på eit eksamenssvar, kan forelesaren gjere det. Då kan oppgåva til studenten verte å vurdere forelesaren sitt svar og reflektere rundt det, sa Raaheim.

Han lanserte også eit døme der studenten i staden for å skrive ein labrapport, kan lage ein film på fire minutt frå labarbeidet og verte vurdert ut i frå det.

– Refleksjonsnotat, vurdering av eigen kompetanse og kvarandre kan vere svært nyttig for studentane. Der har ein mange moglegheiter med digitale verktøy.