«Kompetanse for framtida»

Kommunen med på nytt mediehus

Publisert: 30.09.2016 10:45 av Per Straume

Eit samstemt kommunestyre i Volda sa torsdag ja til ein intensjonsavtale med Høgskulen i Volda om å få bygd eit mediehus som vil innehalde ein kino og kultursal/fleirbrukssal.

Mediehus_bilde_620.jpg

– For høgskulen er det bra at vi får ei storstove på campus. Det gjer at vi kan opne oss mot lokalsamfunnet og regionen, i tillegg til at det opnar seg mogelegheiter for større kulturell aktivitet i Volda. For oss betyr det også at vi til dømes kan arrangere større konferansar, seier ein godt nøgd direktør ved høgskulen, Jacob Kjøde jr.

Om kommunestyret i Volda torsdag ikkje hadde gått med på intensjonsavtalen, ville høgskulen likevel ha gått vidare med planane om eit nytt mediehus. Med kommunen på laget vil bygget verte større og romme den nemnde kultursalen/fleirbrukssalen og kinosal. Dei skal kunne nyttast til mellom anna førelesingar, framsyning av film og anna audiovisuelt materiale, konsertar, teaterøving/teaterframsyning, fleirkameraproduksjon, konferansar og mottakingar.

Brukarbehov i fokus

I intensjonsavtalen heiter det mellom anna: «Avtalen skal leggje til rette for samarbeid mellom partane når det gjeld bruken og drifta av kino og kultursal/fleirbrukssalen. Målsettinga er at Volda kommune skal vere ein stabil og langsiktig leigetakar av brukstid i kino og kultursal/fleirbrukssalen.»

I eit møte mellom høgskulen og Statsbygg tidlegare i uka gjekk startskotet for skisseprosjektet. Statsbygg vil stå som eigar av det nye huset, medan høgskulen vert leigetakar.

– Under møtet vart det lagt ein framdriftsplan. Ein skal nøye gå gjennom kva huset skal innehalde. Når mediehuset eventuelt står klart, vil høgskulen flytte ut av Aasen-huset. Då må ein del av dei undervisningsromma ein mistar der gå inn i det nye bygget. Det er noko ein må ta høgde for. Det same gjeld for bokhandelen, den må også få ei ny plassering, fortel Kjøde jr.

IMG_6940_620.jpg
Deltakarane på oppstartsmøtet for skisseprosjektet: F.v. Geir Skaaren (statsbygg Midt-Norge), Leif Roar Strand (HVO), Reidulf Botn (HVO), Jacob Kjøde jr. (HVO), Thomas Lewe (HVO), Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (HVO), Aud Folkestad (HVO), Tore Berg (Statsbygg, prosjektleiar for skisseprosjektet), Ivar John Erdal (HVO) og Carl Jørgen Nesset (HVO).

Skisseprosjektet vil også ha ein ny gjennomgang av romprogrammet som vart utarbeida i campusutviklingsplanen. Brukarane sine behov og dei tekniske spesifikasjonane vil stå sentralt i arbeidet framover. Skisseprosjektet skal halde fram til juni 2017.

KLART I 2020

Mediebygget vil koste over 100 millionar kroner og difor må det lagast eit regjeringsnotat.

– Etter at skisseprosjektet er ferdig neste år, er det meininga å ta det vidare til Kunnskapsdepartementet og få til eit regjeringsnotat. Passerer det der vil prosjektet bringast vidare til realisering. Det er ingen signal om at bygget ikkje vert ein realitet, men ein må ta nokre formelle atterhald, seier Kjøde jr.

Målet er at mediehuset skal stå klart i 2020.

Høgskulen skal dekkje kostnadene med utarbeiding av skisseprosjektet. Ved realisering vil planleggingskostnadene gå inn i den samla kostnaden ved utbygging av prosjektet.

FORPROSJEKT FOR KUNNSKAPSPARK

Parallelt med arbeidet med mediehuset startast det i haust også opp eit forprosjekt som skal sjå på ein kunnskapspark i Aasen-huset. Fylkeskommunen har løyvd 400 000 kroner til prosjektet som er eit samarbeid mellom Volda kommune, Sunnmøre kulturnæringshage og Høgskulen i Volda. Volda kommune eig Aasen-huset, som høgskulen i dag leiger.