«Kompetanse for framtida»

Vellykka oppstart av styrarutdanning i Ålesund

Publisert: 28.09.2016 12:20 av Ann Karene Rasmussen

Høgskulen i Volda har i konkurranse med fleire andre tilbydarar vunne oppdraget med å gje styrarutdanning til barnehagestyrarar på Nordre Sunnmøre. Oppdragsgjevar er Sunnmøre Regionråd.

IMG_20160921_101521_620.jpg

Utdanninga starta opp med ei markering i Ålesund, 21. september 2016.

Til stades for å helse studentane var mellom andre ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal og rektor ved HVO, Johann Roppen.

Ordførar Aurdal framheva at det at kommunane saman har fått til dette, viser betydninga av samarbeid.  Hadde ein ikkje arbeidd i nettverk hadde nok ikkje styrarutdanninga vorte ein realitet, sa Aurdal. 

Roppen var også oppteken av at styrarutdanninga er viktig som eit regionalt samarbeidsprosjekt som bidreg til å bygge kompetanse i regionen. Denne utdanninga er viktig både for høgskulen og for kommunane.

Sunnmøre regionråd Oppvekst, Arbeidsutvalet for barnehage og Ålesund kommune tok initiativ til å starte opp styrarutdanninga for barnehagetilsette i fjor. 

Jeanette Reiten som er rådgjevar i Oppvekst, Sula kommune, fortel om ei hektisk tid for å få utdanninga på plass. − Då departementet bestemte at det berre skulle vere fire stadar i Norge som skulle få tildelt styrarutdanninga, vart det langt for våre styrarar å reise for å ta utdanninga. Då tok Sunnmøre regionråd fatt og vi fekk eit tilbod i vår region. No har utdanninga blitt lett tilgjengeleg for våre styrarar og for kommunane på nordre Sunnmøre, seier Reiten.

Førsteamanuensis Gerd Sylvi Steinnes er fagleg ansvarleg for styrarutdanninga, som er eit samarbeid mellom Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) og Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH). Dette samarbeidet gir gevinstar både for studentane og for fagmiljøa. Å samarbeide på tvers av fagmiljø gir også nye impulsar og god breidde i det faglege innhaldet. På første samling hadde professor Roar Amdam mykje av undervisninga og fekk god respons frå studentane. Andre faglærarar studentane vil møte i studiet er Linda Marie Viddal (AHL)  og Hilde Muren (ASH). Evalueringa av den første samlinga viser at motivasjonen for utdanninga er god, og at studentane ser fram til vidare arbeid i studiet.

Det vert arbeidd med å gjere dette til eit permanent tilbod ved HVO, slik at dei som tek styrarutdanning kan få denne innpassa som del av ein Master i samfunnsplanlegging og leiing ved ASH.