«Kompetanse for framtida»

– Absolutt mogleg å få til

Publisert: 02.02.2016 16:15 av Per Straume

Trond Giske synest at det nye mediehuset ved Høgskulen i Volda, som det vart presentert planar for tysdag, er spennande og visjonært.

Mediehus_bilde_620.jpg
                                                                                                                                Illustrasjon: Bakken Plan

Moderne og godt teknisk utstyrte undervisningsrom for mediefaga og fleire salar som kan fungere som eit kulturhus for Volda, er noko av det eit nytt mediehus ved HVO kan kome til å romme.

Det kom fram då planane for eit nytt mediehus ved HVO vart presentert tysdag under møtet mellom nestleiar i Arbeiderpartiet, Trond Giske, og leiinga ved høgskulen. Det nye bygget er ein del av campusutviklingsprosjektet ved høgskulen, der ei arbeidsgruppe frå midten av september har arbeidd med planane for mediehuset.

– Nøkkelen ligg i at Statsbygg tek på seg investeringskostnadane og at Høgskulen i Volda aukar husleiga si til Statsbygg. Eg veit at det er mykje lettare å få inn eit slikt prosjekt i statsbudsjettet om ein gjer det på denne måten, seier Giske.

Mediehus_giske.jpg
Frå høgre Trond Giske, ordførar i Volda Jørgen Amdam, dekan ved Mediefag Pål Aam, rektor Johann Roppen og dekan ved Kulturfag Aud Folkestad.

Han ser også at nytta av eit slikt nybygg for høgskulen med tanke på samfunnsutviklinga.

– Mediefaga treng ny teknologi. Framtidas journalistar vil vere heildigitale og må ha fasilitetar som er tilfredsstillande i undervisninga. Men det er også eit aukande behov for medieutdanna folk i næringslivet. Eg synest dette prosjektet ser svært spennande ut. Det er storslått og visjonært, men absolutt mogleg å gjennomføre, seier leiaren av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Meir attraktivt

Det nye huset har fått teikna eit areal på 4700 kvadratmeter over tre etasjar. Huset er foreslått plassert på austsida av campus mellom Hans Strøm-huset og Berte Kanutte-huset.

– Vi har teke utgangspunkt i arealet mediefaga bruker i dag og flytta tilsvarande areal inn i det nye huset, fortel Pål Aam, som har vore med i arbeidsgruppa.

I tillegg til det nye arealet mediefaga eventuelt vil få i det nye bygget, vil også eksisterande areal som vert nytta i til dømes Hans Strøm-huset i dag også verte nytta i framtida. I dag er mediestudentane spreidd utover campus.

– Med det nye huset ønskjer vi å samle alle mediestudentane. Vi vil få topp moderne lokalar for mediefaga, som er utstyrsavhengige. Med ei slik opprusting vil det også verte endå meir attraktivt å studere og jobbe her. Vi ønskjer å behalde vår posisjon og vere leiande på medieutdanning i Noreg, og då har vi behov for eit slikt nybygg. Ved å samle heile mediemiljøet på høgskulen vil det også gi ein fagleg gevinst, og det vil vere eit fortrinn for studentane våre, meiner Aam, som også er dekan ved Avdeling for mediefag.

Det er Johann Roppen , rektor ved HVO, einig i.

– Det er eit veldig spennande prosjekt, men prosjektet er også svært viktig for høgskulen i den sterke konkurransen vi møter om mediestudentane i framtida. Volda har det største praktiske mediefaglege miljøet i landet med til saman 3-400 studentar og det trengst eit nybygg for å utvikle studia vidare slik at vi kan halde på vår posisjon blant dei fremste miljøa, seier Roppen.

Mogleg kulturhus for Volda

I første og andre høgda er det teikna inn ein storsal med om lag 500 sitteplassar. Her ønskjer Høgskulen i Volda eit samarbeid med Volda kommune. Salen er på størrelse med det ein har i Operahuset på Nordfjordeid. Den skal kunne verte brukt til framvising av film, konsertar, teaterframsyningar og forelesingar.

– Det er ein visningssal som kan vere eit kulturhus for Volda. Vi håper at kommunen er interessert i det og vil vere med på laget. Salen er også aktuell for næringslivet, med messer, konferansar og liknande, seier Aam.

Det er også planlagd ein mindre sal med rundt 100 sitteplassar, som er egna til mellom anna kinoframsyning.

– Det skal vere eit fleksibelt bygg som lokalsamfunnet kan bruke. Vi ønskjer å knytte regionen og høgskulen tettare saman og samarbeide meir, seier Aam.

Opp i kommunestyremøte

Han legg til at i teikningane er det lagt inn fleksible veggsystem i den delen av huset der storsalen er plassert. Det for å kunne tilpasse rommet etter behovet til brukarane.

Ordførar i Volda kommune, Jørgen Amdam, har visst om desse planane ei stund.

– Det er eit spennande og interessant prosjekt som vi må sjå nærmare på, seier Amdam.

Leiinga ved HVO er invitert til kommunestyremøte i Volda kommune 25. februar, der planane for det nye huset skal leggast fram.

– I tillegg skal vi i møte med Statsbygg i midten av denne månaden for å sjå på den vidare framgangen, seier Jacob Kjøde jr., direktør ved HVO.

Her kan du lese heile rapporten frå arbeidsgruppa om det nye mediehuset.

pressefoto

Nytt mediehus
Trond Giske, Jørgen Amdam, Pål Aam, Johann Roppen og Aud Folkestad.