«Kompetanse for framtida»

Animerer det som ikkje er funne opp enno

Publisert: 28.08.2015 13:50 av Per Straume

– Det er første gongen så avanserte animasjonar og film vert brukte saman til å presentere nyvinningar i marin industri, fortel Kristian Fuglseth ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

Pelag_620.jpg

Fuglseth har leia mediedelen av prosjektet Pelagisk løft, som vart presentert av Gunnar Domstein i Pelagia AS, framfor nær 300 deltakarar frå inn- og utland under Pelagisk Arena 2015 i Ålesund denne veka.

«Pelagisk løft – auka verdiskaping  av makrell» er innovasjonsprosjekt som er støtta av VRI-prosjekta, Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF), Brødrene Sperre, Pelagia og Nergård AS. SINTEF Fiskeri og havbruk AS koordinerer prosjektet saman med Møreforsking, FHF og Høgskulen i Volda.

Pelag2.jpg

– Vi animerer det som ikkje er funne opp enno. Alt som finst kan vi kan filme med realfilm, men det er maskiner som framleis er i støypeskeia, som må animerast. Dette kombinerer vi med animering og grafisk presentasjon av nye verdikjeder og nye produksjonsprosessar på ein forståeleg måte, seier Fuglseth.

Formidlinga er avgjerande

Formidling av resultata har vorte ein stadig viktigare del av forskings- og utviklingsprosjekt, så dei mediefaglege miljøa er etterspurde. Teknisk språk, kompliserte prosedyrar og vanskelege samanhengar må kvernast og skrivast på ein måte som er forståeleg for folk flest. I større forskingsråds- eller innovasjonsprosjekt er formidlingsbiten ofte avgjerande.

Høgskulelektor Steinar Høydal er filmfotograf frå TV2 og van med vanskelege opptaksforhold, så han har teke opp ein glimrande film om korleis makrellproduksjon går føre seg i dag.

Miks av realfilm og animasjon

– Så brukar vi animasjon for å vise kva verksemda har planar om å produsere i framtida, fortel Fuglseth. Mikael Tabutiaux er student og engasjert både på høgskulen og i eige animasjonsstudio, og han står bak dei humoristiske og, ikkje minst, informative animasjonane.

Målet med Pelagisk løft var å utarbeide ein kortfatta handlingsplan for satsingsområdet «Auka verdiskaping av makrell», og å lage dette presentasjonsmateriellet med film og animasjon. Det er laga over 30 små animasjonar i tillegg til realfilm, og alt dette er skrive manus til og pakka i ein PowerPoint-presentasjon som næringa og verkemiddelapparatet kan nytte i møte med politikarar og andre viktige samarbeidspartar.

Ny verdikjede

Pelagisk løft representerer eit enormt løft for heile den pelagiske bransjen. Her er det snakk om å nytte dobbelt så mykje av filetråstoffet frå makrell og samstundes firedoble sysselsettinga. Ein vil ta filetproduksjonen heim og berre eksportere rein, delikat filet – utan alt avskjeret. Avskjeret kan vi nytte til olje- og mjølproduksjon som går rett inn i laksefôret. Då slepp vi å importere så mykje plantebasert laksefôr frå Sør-Amerika. I dag eksporterer vi 96 % av makrellen rund – både filet og avskjer. Sender vi berre filetane og ikkje avskjeret, vil vi halvere transporten, kostnaden og miljøutsleppa det fører med seg. Utfordringa er å ha maskiner her heime som er effektive nok og presise nok til å produsere kvalitetsmat for dei asiatiske marknadene. Desse maskinene og den nye verdikjeda som ein arbeider mot i dette prosjektet, er alt saman animert og presentert frå mediemiljøet i Volda.

Betre framstilling

– Der nede et dei med auga, og då er det ikkje snakk om makrell i tomat – men makrellfilet superiori til middag og kveldsmat – ofte mange gonger i veka. Dette er flotte produkt som vil auke verdiskapinga mykje. Ein treng god informasjon til å snu ein bransje og ikkje minst styresmaktene mot nytenking og betre verdikjeder som kan gje meir verdiskaping. Måten Volda-miljøet får fram desse bodskapane på, er også nyvinning, kommenterer Gunnar Domstein.

– Dei har fått eit komplisert tema og vanskelege prosessar fram på ein pedagogisk og malande måte, seier han.