«Kompetanse for framtida»

Vann gründercamp med livreddande løysing

Publisert: 27.08.2015 16:20 av Per Straume

Ein idé om korleis ein kan hindre brann, redusere skadeomfang og redde liv ved brann i tunnelar, stakk av med sigeren i gründercampen for grunnskulelærarstudentane på Høgskulen i Volda.

Grcamp_1plass_620.jpg
Vinnarlaget med Solveig Eide (f.h.), Robert Iversen, Ole-Martin Sørdal, Ingrid Krogsæter og Sunniva Sanden. Petter Sandnes (t.v.) frå Vik Ørsta hadde gitt dei oppgåva.

Studentane som går andre året på grunnskulelærarutdanninga 5. – 10. klasse fekk eitt døgn på seg til å klekke ut ein god idé ut i frå ei oppgåve frå ein reell oppdragsgivar. Vinnarane hadde på oppdrag frå Vik Ørsta kome fram til ei løysing for betre sikring  av tunnelar, som juryen likte aller best.

OMFATTANDE VINNARPROSJEKT

Gruppa som gjekk til topps, beståande av Sunniva Sanden, Ingrid Krogsæter, Ole-Martin Sørdal, Robert Iversen og Solveig Eide, hadde verkeleg brukt tida godt. I tillegg til å kome fram til ei nytenkande løysing hadde dei også laga ein modell og ein animasjonsfilm.

– Vi syntest vi hadde ein god idé og visste at vi stilte sterkt på den kreative biten. Men vi vart litt overraska, men er glad for å vinne med eit så viktig tema som å berge liv, fortel vinnargruppa som fekk ein sjekk på 1500 kr.

Dei hadde funne ut at i ein kvar tunnel er det bygd inn eit rassikkert teppe, og at i toppen av tunnelar er det eit skumlag som er brennbart. Difor foreslår dei å utvikle dette rassikre teppe til også å bli brannsikkert.

Grcamp_1.plass_iarbeid.jpg

Den andre delen av prosjektet deira handla om korleis folk skal kome seg ut av ein tunnel når det brenn, noko som har vore eit aktuelt tema i Norge i sommar. Der hadde gruppa laga ein modell med tilfluktsrom i tunellen som førte til ein rømmingsveg ut av tunellen på begge sider. Planen er at dette skal vere universelt utforma, slik at skal kunne nytte seg av nyvinninga.

GODE OG NYTTIGE TILTAK

I juryen satt Sigrun Heltne Vartdal, banksjef bedriftsmarknad i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Tormod Smedsvig, leiar for Studentsamfunnet i Volda og Nathalie Homlong, professor ved Avdeling for Samfunnsfag og Historie ved HVO.

– Det var ein god presentasjon, og vi likte spesielt godt modellen og filmen. De har kome med gode og nyttige tiltak som er omfattande, men veldig interessante, sa juryen i si vurdering av vinnarane.

Sjølv var vinnargruppa glad for å få ei oppgåve som var veldig aktuell.

– Vi har ikkje eit ferdig produkt, men ein bra prototype og ein knallgod film. Tunnelar og brann har vore mykje diskutert den siste tida, og då er det spennande å utvikle ein idé som kan redde menneskeliv. Det var ei nyttig oppgåve.

Petter Sandnes, marknadskonsulent i Vik Ørsta, som hadde vore med på å laga oppgåva, var imponert.

– Dei har vore sjølvgåande, tenkt godt sjølv og sett moglegheitene. Og alt det dei har fått til på så kort tid er imponerande. Ein kan kanskje tenke at lærarstudentar, som ikkje studerer tekniske fag, ikkje har dei beste føresetnadane for å løyse ei slik oppgåve – men det klarte dei med glans, seier Sandnes.

God erfaring

Kvart år blir det arrangert gründercamp for GLU-studentane ved HVO for å førebu dei på å sjølve gjennomføre gründercamp på ungdomstrinnet og undervise i faget utdanningsval i 9.klasse. HVO var den første høgskulen med gründercamp for grunnskulelærarstudentar, og det var i år sjuande året det vart arrangert. Gründercampen er eit samarbeid med Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal (UE), og er ein meir komprimert versjon av den som blir arrangert i ungdomsskulen.

– Det er god erfaring for studentane før dei sjølv skal ut i skulen og arrangere noko liknande. Det her er eit lynkurs i planlegging og gjennomføring av ein gründercamp. Då er det fint at vi kan gjere det med så grundig med reelle oppdragsgivarar og ein god jury, meiner Oddvar Aalde, studieleiar for grunnskulelærarutdanningane ved HVO.

Grcamp_2.plass.jpgGrcamp_3.plass.jpg
Gruppa til venstre tok andreplassen for ei løysing med video på nettsidene til høgskulen, som skal gjere det enklare å finne fram til kvart enkelt rom på campus. Gruppa til høgre vart nummer tre med eit arrangement for Ivar Aasen-tunet med temaet "Studentane si jul på Ivar Aasen-tunet", med juleverkstad og konsert som hovudinnhald.