«Kompetanse for framtida»

Internasjonale forskarar skryter av Volda

Publisert: 27.05.2015 10:10 av Per Straume

Seks europeiske forskarar, som samarbeider med Marie Nedregotten Sørbø og Høgskulen i Volda, likte det dei såg då dei vitja Volda.

HERA1_620.jpg
Forskarane samla på HVO med Marie Nedregotten Sørbø fremst til høgre.

Prorektoren ved HVO var i 2013 den første frå høgskulen som lukkast med å få europeiske forskingsmidlar til eit prosjekt. Det litterære forskingsprosjektet Travelling Texts 1790-1914: The Transnational Reception of Women’s Writing at the Fringes of Europe, er eit samarbeid mellom forskarar frå Storbritannia, Noreg, Nederland, Finland og Slovenia, der Nedregotten Sørbø er Noregs representant.

EKSOTISKE VOLDA

Målet med prosjektet er å forske meir på korleis kvinners skriving i dei store kulturane som England, Tyskland og Frankrike blei mottatt i dei små landa i Europa dei hentar litteraturen frå. Dei er godt i gang med arbeidet som skal avsluttast i løpet av 2016, og har kvart halvår ei samling i eitt av dei deltakande landa.

No var turen komen til Noreg og Volda.

– Det er veldig kjekt å få dei hit. Dei synest vi har ein fin skule, og for dei er Volda eksotisk. Naturen og landskapet gjer dei overvelda, seier Nedregotten Sørbø.

Ho er glad for å vere ein del av eit så stort og omfattande forskingsprosjekt, og at HVO vert sett på kartet.

– Vi i Volda er i eit hjørne av verda, men dette viser at vi ikkje arbeider isolert for oss sjølve. Prosjektet er eit godt døme på at vi ikkje sit i kvar vår krå og forskar. Det er eit godt og viktig internasjonalt samarbeid.

HARDT ARBEID

Dei seks forskarane som vitja Volda, kjem frå University of Glasgow, University of Turku, University of Nova Gorica og The Huygens Institute for the History of the Netherlands. Nedregotten Sørbø legg vekt på nytta av samarbeidet HVO får med desse universiteta.

Les også: Masterstudent ved HVO, Elise Fugledal, måtte lære nytt skriftspråk for å bidra i forskingsprosjektet. 

Under ein lang og intensiv arbeidsdag på HVO fekk forskargruppa gått gjennom mykje.

– Vi arbeider med det som har skjedd det siste halve året, kva problem vi har møtt på, og kva vi skal gjere framover. Vi er også i gang med ein årsrapport, der vi må velje ut kva vi skal presentere. Databasen der vi legg inn alle funna våre, har også vore diskutert. Den ønskjer vi å gjere digital anvendeleg, slik at folk kan gå inn og finne interessante og morosame ting.

Men dei tok seg tid til ei lita omvising i høgskulebiblioteket, der det mellom anna var laga til ei utstilling med bøker frå 100 år tilbake i tid, skrivne av kvinner. Dagen i Volda vart avslutta med ei omvising på Sivert Aarflot-museet, før den enda med eit besøk i Ivar Aasen-tunet med middag tysdag.

HERA2_620.jpg
På høgskulebiblioteket fekk forskarane sjå ei utstilling med gamle bøker av kvinnelege forfattarar.

Les også: Marie Nedregotten Sørbø oppnådde høgst ogleg poengsum for si forsking i 2014.

MED PÅ LITTERATURFESTIVAL

Onsdag reiste dei ned til Lillehammer for å ta del i Norsk Litteraturfestival. Der skal dei på torsdag ha ein panelsamtale der dei fortel litt om det dei har funne i forskinga si til no. Nedregotten Sørbø leiar panelet.

– Vi kontakta festivalen for å få til eit samarbeid. Og då er det veldig artig å få kome og presentere prosjektet vårt, under ein litteraturfestival som har store internasjonale stjerner kvart år. Det er veldig kjekt å få vise fram kva vi jobbar med. Ein viktig del av prosjektet vårt er å samarbeide med kulturinstitusjonar og bibliotek for å nå ut til folk, fortel HVO-forskaren.

Som oppfølging til paneldebatten skal dei tre norske forfattarane Kjersti A. Skomsvold, Mona Høvring og Thorvald Steen framføre sitt litterære svar til litterære formødrer: Amalie Skram, Camilla Collett og Sigrid Undset.

– Det vert eit apropos til vårt program og heilt sikkert spennande, trur Nedregotten Sørbø.

Her er nettsida til prosjektet.

Pressefoto:

Forskarar1
Forskarar2