«Kompetanse for framtida»

Historiske Volda-studentar til NM for studentbedrifter

Publisert: 17.04.2015 14:40 av Per Straume

Volda Studentbryggarlaug vann pris for beste kulturbedrift i ein studentbedrift-konkurranse og sikra seg plass i NM for studentbedrifter.

Olbrygg_620.jpg
Christian Alhaug (f.v.), Tomas Hansen, Vilde Sævik og Knut Larsen står bak vinnarlaget.

Torsdag var første gong studentar frå Høgskulen i Volda tok del i ei konkurranse for studentbedrifter, kor ein NM-billett låg i potten. Og Volda Studentbryggarlaug var ikkje snauare enn at dei gikk av med prisen for beste kulturbedrift og fekk ein friplass til NM for studentbedrifter i juni, under konkurransen som gjekk føre seg under gründerdagen til studentorganisasjonen Start ved Høgskolen i Ålesund.

– Dette gjekk mykje betre enn det vi hadde håpa på, veldig moro, seier daglig leiar for bedrifta, Knut Larsen.

Lære opp studentar

Ideen og bedrifta som han driv i lag med medstudentane Christian Alhaug, Vilde Sævik og Tomas Hansen spring ut i frå faget Entrepenørskap i kulturnæringar, som vart starta opp i fjor.

– Det var min idé å starte eit bryggjelaug og eg fekk med dei andre på det. Vi har laga ein forretningsplan som vi skal ha eksamen i snart. Tanken er å vere ei bedrift som skal lære opp studentar i å bryggje eiget øl. Vi ønskjer å fremme god ølkultur og fokuset ligg på å bryggje øl i avslappa og sosiale omgjevnadar, fortel Larsen.

Å bryggje øl heime har vorte meir og meir populært i Norge dei siste åra. Det er den bølga Volda Studentbryggarlaug har tenkt å hive seg på.

Olbryggar2_620.jpg
Knut Larsen og Tomas Hansen i samtale med ein av dommarane.

– Vi vann kulturprisen for at vi ønskjer å fremme den ølkulturen som er i vinden no. Vi har ikkje fokus på rus, men på smaken og handverket. Heile dommarpanelet lòt seg imponere, seier en engasjert Larsen.

Framleis ØL PÅ ROKKEN

Han starta sjølv opp å bryggje øl for eit år sidan.

– Det er lønsamt for ein student å bryggje sit eige øl. Og så har vi fått auga opp og ser at det finns andre typar øl enn pilsen som blir seld i butikken, seier Larsen.

– Så du kjøper ikkje øl på Rokken?

– Haha! Det har blitt ein gode del halvlitrar der, vi skal ikkje leggje skjul på det.

NYtTIG FAG

Kvartetten i den historiske Volda-bedrifta vil no sjå på kva dei skal gjere framover. er ikkje sikker på om dei set forretningsideen ut i livet.

– Vi må diskutere kva vi gjer i bedrifta framover og kva slags veg vi ynskjer å gå, seier Larsen, som avsluttar med å skryte av faget Entrepenørskap i kulturnæringar:

– Det har vore eit nyttig fag med ein flink lærar som heiter Janne Heggvoll. I tillegg har vi hatt mange flinke forelesarar innom, frå blant anna Innovasjon Norge og Sunnmøre Kulturnæringshage.