«Kompetanse for framtida»

Seminar om risikokommunikasjon og krisehandtering

Publisert: 08.09.2014 10:10 av Geir Tangen

Tysdag 23. september under Forskings­dagane 2014 vil fagmiljøa i Ålesund og Volda halde fem korte foredrag med nye og klassiske case over kommunikasjon av risiko og handtering av kriser. Seminaret er støtta av VRI-prosjekta i Møre og Romsdal.

Groven_Fuglseth_620.jpg

Jens Standal Groven og Kristian Fuglseth ved Høgskulen i Volda. Foto: Gaute Hareide.

Klimatrussel, terrortrussel, økonomisk risiko, risiko i avanserte operasjoner, rasfare og flomfare, smittefare er del av risiko­samfunnet. Vi planlegg for kriser som kjem. Alle som er ansvarlege for, eller deltek i ei verksemd, er meir eller mindre medvitne om den risikoen som verksemda skaper. Seminaret vil ta føre seg systematiske prosessar for å strukturere og førebu potensielle kriser, i tillegg til råd om krise­øvingar, medie­­handtering og risiko­kommunikasjon.

Fagmiljøa i Volda og Ålesund utfyller kvarande i fagfelta mellom risiko- og krise­kommunikasjon i Volda, og risiko­handtering i Ålesund.

Høgkulelektorane Jens Standal Groven, Kristian Fuglseth og førstelektor Jan Arne Halvorsen ved Avdeling for mediefag arbeider mellom anna med risiko- og krisekommunikasjon, kriseøvingar og media si rolle.

Kjetil Rød er knytt til Høgskulen i Volda og har doktorgrad i risikokommunikasjon. Første­amanuensis Magne Vollan Aarset ved Høgskolen i Ålesund har lang erfaring med risiko- og krisehandtering, og har samarbeidd med Volda-miljøet i fleire år. Norsk kommunikasjons­­forening Møre og Romsdal samarbeider også om arrangementet.

Påmeldingsskjema.

Tysdag 23. september, kl. 11.30-16.00 Rolls Royce/NMK, Ålesund

Forskingsdagane 2014 ved Høgskulen i Volda