«Kompetanse for framtida»

Forretningssamarbeid på tvers av landegrenser

Publisert: 14.05.2014 11:10 av Tone Solhaug

Er du interessert i internasjonalisering og samarbeid med Russland? Ungt Entreprenørskap (UE) tilbyr no eit entreprenørskapsprogram med tre samlingar i Russland og Noreg studieåret 2014-15.

I fjor rekrutterte Ungt Entreprenørskap 15 studentar som deltok i programmet, mellom anna frå Høgskulen i Ålesund. Studentane som har vore med i år er særs fornøgde med opplegget. Entreprenørskapsprogrammet blir organisert i form av tre samlingar i Russland og Noreg per studiegruppe. Kvar samling varar to til tre arbeidsdagar samt at deltakarane må rekne med to reisedagar når dei reiser til Murmansk. Samlingane er direkte relevant for den faglege karriereutviklinga for deltakarane.

Alle utgifter vil bli dekka av arrangør.

Datoar for Murmansk – Ålesund gruppa er:
Murmansk 16. – 18. september 2014
Ålesund: 19. – 20. november 2014
Murmansk: 18. – 19. februar 2014

Kva er fordelen med å vere med på dette?
• Ein sjanse til å jobbe med spesielle forretningssaker
• Bygge nettverk
• Delta på interessante forretningssamlingar
• Verdifult å ha på CVen

Søknadsfrist: 12. juni 2014
Send søknad til: Torild Nilsen Mohn nrcc@ue.no

Entreprenørskapsgruppa ved HVO hjelper deg gjerne med søknaden. Ta kontakt med høgskulelektor Bjørn Gunnar Tafjord: bt@hivolda.no eller 993 64 801

Les meir her