«Kompetanse for framtida»

Kurs i innføring i forretningsplan

Publisert: 31.03.2014 16:15 av Ann Karene Rasmussen

8. april er det gratis kurs på Høgskulen i Volda for dei som ønskjer å utvikle ein forretningsidé.

_MG_3537_620.jpg

hoppid.no, som er Møre og Romsdal Fylkeskommune si satsing på entreprenørskap, står bak kurset.  Her lærer du korleis du kan utvikle ein forretningsplan basert på ‘Lean Business-metoden’ og korleis du kan utvikle din eigen forretningsidé og forretningsmodell. 

- Kurset passar for dei som har ein tydeleg idé og formeining om kva dei skal drive med. Ideen treng ikkje vere ferdig formulert, men du må vite kva du skal halde på med, forklarer kurshaldar Erlend Bang Abelsen i Lean Business på hoppid.no.

Kurset finn stad tysdag 8.april kl. 15-21 i BK (Berte Kanutte) 255.

Påmeldingsfrist er seinast ei veke før kursstart.