«Kompetanse for framtida»

Entreprenørskap i undervisninga

Publisert: 03.12.2013 14:55 av Eirik Bech

- Pedagogisk entreprenørskap kan vere ein metode for meir kreativitet og nyskaping innanfor alle fag, meiner Janne Heggvoll, høgskulelektor ved Seksjon for kunst og handverk. No har ho søkt og fått midlar frå Utdanningsdirektoratet til å lage kurs for lærarar i ungdoms- og vidaregåande skular.

Det er ei nasjonal satsing på entreprenørskap i skulen.  I St.meld. nr. 44 (2008-2009) Utdanningslinja,  foreslår regjeringa tiltak som skal gjere opplæringa meir praksisretta. Entreprenørskapsopplæring kan gi både impulsar og moglegheiter for gode og røynslenære arbeidsmåtar i opplæringa.

Entreprenørskap kan være et verktøy og en arbeidsmåte for å stimulere til læring i ulike fag og i grunnleggende ferdigheter. Gjennom entreprenørskap i opplæringen kan en også videreutvikle personlige

egenskaper og holdninger. (Handlingsplan for Entreprenørskap i utdanningen – fra grunnskole til høyere utdanning 2009–2014. KD, KRD og NHD)

janne_heggvoll.jpg- I mitt fag, kunst og handverk, ligg det sentralt å arbeide med kreative prosessar og idéutvikling, læring gjennom handling og verdiskaping. Dette vil ha sterkt fokus i kurset og deltakarane vil konkret arbeide ut undervisningsopplegg  med entreprenørskap som metode for sin skule. Til dømes kan ein jobbe opp mot ei lokalavis om utvikling av ny visuell profil, eller saman med kommunen om utforming av informasjon for friluftsområde.

Kurset vil starte i februar, og har påmeldingsfrist 10. januar 2014.


Sjå meir info: