«Kompetanse for framtida»

Laga film om fangstbehandling

Publisert: 22.11.2013 12:00 av Ann Karene Rasmussen

I over eit år har studentar og tilsette ved Avdeling for mediefag jobba med ein film om korrekt fangstbehandling av fisk. Filmen blei lansert på Noregs fiskarlag sitt landsmøte før helga.

IMG_20130226_114819_2_620.jpg
Filming av fangstbehandling

─ Utgangspunktet var ein kvalitetsperm med faktaark som fiskarar synes det var vanskeleg å halde seg til. Dei ville ha informasjonen lettare tilgjengeleg og meir tilpassa, seier høgskulelektor Kristian Fuglseth som leier prosjektet. 

Jens Standal Groven leia dette som eit VRI-prosjekt i første fase i fjor, og var ansvarleg for opptak og dokumentasjon i tidleg fase av prosjektet. Kommunikasjonsstrategien og utkast til nettsida er laga av tredjeårsstudentar ved Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media.

Sette sjøbein

– Vi mønstra studentane på fiskebåtar for å gjere både kvalitative og kvantitative intervju. Det var ei ny oppleving i eit artig miljø, kommenterer Fuglseth.

Benjamin Alexander Ulstein, andreårs kommunikasjonstudent, har laga nettsida fangstbehandling.no, der alle kapitla i filmen er tilgjengelege.  Nettsida er ein del av pakken, i tillegg til 1 000 kopiar av ein eigen fangstbehandlings-DVD, roll-ups og anna materiell.

Utdøyande fiskerikunnskap

─ Vi har med dette prosjektet dokumentert kunnskap som er i ferd med å døy ut. Filmen viser den optimale behandlinga av fangst, noko som er viktig for å få ein god pris på eksportmarknaden, seier prosjektansvarleg og manusforfattar høgskulelektor Kristian Fuglseth.  Dette forstår fiskarane, og har teke vel i mot informasjonsfilmen.

Hilde Ranheim, uteksaminert dokumentarstudent, har også stått for filmopptak og regi. Filmen er utarbeidd i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Møreforsking Marin, Ålesund Videregående skole, SUROFI, Møre og Romsdal Fiskarlag og utvalde reiarlag og eksportørar.

Les meir: http://fiskarlaget.no/index.php?option=com_zoo&task=item&item_id=2050&Itemid=148