«Kompetanse for framtida»

Det første entreprenørskapsemnet ved HVO startar i januar

Publisert: 19.11.2013 11:25 av Ann Karene Rasmussen

Seksjon for formgiving, kunst og handverk startar emnet Entreprenørskap i kulturnæringar over nyttår. Søknadsfristen er 25. november.

Emnet Entreprenørskap i kulturnæringar er ope for alle som studerer innanfor kultur- eller medierelaterte fag. 

- Emnet handlar om å få ei breiare forståing for korleis eigen fagkompetanse kan nyttast til å starte ei bedrift eller eigne kulturprosjekt. Det handlar om verdiskaping og rolla ein har i samfunnet, men også om personleg utvikling, seier Heggvoll. 

For å få studieplass på emnet, må ein ha fullført minimum 30 studiepoeng i eit kultur- eller medierelatert fagområde. Emnet er på 15 studiepoeng, og vil bli tredelt.

- Studentane vil få innsikt i entreprenørskap og innovasjon. Dei vil jobbe med idéutvikling og kreativitet. Dei vil også jobbe i grupper, enten med å bygge opp ei bedrift eller eit kulturprosjekt, som til dømes ein festival. Håpet er at studentane skal få innsyn i potensialet i entreprenørskap, seier Heggvoll. ─ I små lokalsamfunn er ikkje jobbane innanfor kulturfag leina opp, og ein må kanskje skape sin eigen arbeidsplass. Ei satsing på kulturfag kan føre til at folk vil bu i Volda både på grunn av fleire arbeidsplassar og eit breiare kulturtilbod. 

SAMARBEID MED NÆRINGSLIVET

Emnet har i planleggingsfasen vore, og vil bli i utføringa, eit emne der ein har tett samarbeid med næringslivet.

- I forkant av arbeidet med emneplanen hadde vi seminar med fleire lærarar her på høgskulen og dagleg leiar for Sunnmøre Kulturnæringshage, Martin Foldal. Dei kom med innspel om kva som burde inkluderast i emneplanen. Samstundes undersøkte vi kva andre høgskular tilbyr. 

Gjennom vårsemesteret skal studentane jobbe i grupper med kulturprosjekt, og Heggvoll har ønskje om eit godt samarbeid med allereie etablerte bedrifter her i Volda. 

- Vi ønskjer å få til ein workshop der studentane kan jobbe i grupper med folk som jobbar i etablerte kulturbedrifter, og lære av dei.