«Kompetanse for framtida»

HVO si rolle i det regionale innovasjonssystemet

Publisert: 12.10.2013 10:15 av Ann Karene Rasmussen

I ei fersk bacheloroppgåve i regional utvikling ville student Siri Beate Gjerde sette fokus på kva som fins i dag og kva moglegheiter ein har i framtida for samarbeid mellom HVO og maritime klynge i regionen, då med fokus på Ulsteinvik.

Oppgåva med tittelen «Kva rolle spelar Høgskulen i Volda i det regionale innovasjonssystemet» er eit VRI-prosjektVRI-programmet er Forskningsrådets hovudsatsing på forsking og innovasjon i norske regionar. 

Grunnlaget for utvikling av sterke og innovative regionar i dag, er eit resultat av bilde.jpgsamarbeid mellom lokalt næringsliv og FOU-institusjonar.  I vår region har vi i dag samarbeidet som fins mellom den maritime klynga og høgskulane i Molde og Ålesund, men Siri Beate ville rette fokus på kva rolle Høgskulen i Volda har i dette.

Funna i oppgåva viser at leiarar i den maritime næringa, næringsorganisasjonar knytte til næringa og høgskuletilsette syner at potensialet for samarbeid er stort, og strekkjer seg langt ut over dei samarbeidstiltaka som er i gang. Næringslivet peikar på at høgskulen må rette fokus mot kva potensial ein finn i sin eigen region, nytte seg av desse moglegheitene og med det sjå at dette er positivt for alle involverte.

Høgskulen har ei særs viktig rolle i regionen i dag som leverandør av arbeidskraft til offentleg sektor, seier Siri Beate. Men næringslivet peikar på at den same arbeidskrafta kan tilføre nyttig kompetanse til industrien. Det er eit aukande behov for kompetanse knytt til språk, religionsforståing, kulturforståing og human resources (HR). Det vil seie personar med språkfagelg bakgrunn, sosionomutdanning, lærarutdanning og andre samfunnsfaglege og humanistiske fag.

Det som kjem att fleire gongar i samtale med informantane, er den store kulturskilnaden mellom partane, seier Siri Beate. Næringslivet etterlyser tiltak og ein meir aktiv part i HVO, mens høgskulen på si side har ein annan arbeidsmåte og treng lenger tid til omstilling. Det som er tydeleg er at begge partar ynskjer eit sterkare samarbeid. Funna viser at for å overvinne denne kulturskilnaden, er ein nøydd til å etablere faste samhandlingsarenaer som kan medverke til auka forståing og tillit. I tillegg kjem eit ønskje frå næringslivet og høgskuletilsette om ei sterkare satsing og initiativ frå leiinga ved høgskulen både internt og overfor næringa.

Bacheloroppgave.pdf

Kronikk_i_Sunnmorsposten.pdf