«Kompetanse for framtida»

Fjordkonferansen 2013 bar frukt

Publisert: 27.06.2013 12:50 av Tone Solhaug

Over 100 fagleg tilsette frå høgskulane i Molde, Ålesund, Volda og Sogndal, samt Møreforsking og helseføretaka tok del på Fjordkonferansen 2013 i Loen før helga. Tema for konferansen var kvalitet i vid tyding.

I ei blanding av fellesforelesingar, arbeid i faglege sesjonar og grupper, vart det presentert papers, posters og artiklar, samt idear til forskingsprosjekt. Deltakarane leverte tekstar på førehand, som vart rettleia undervegs. Sjå oversikt over sesjonar

 

Kvalitet som hovudtema

Fjordkonferansen skal vere ein fagleg samlingsstad for fagpersonar i FoU-institusjonane i dei to fylka og for fagpersonar i næringsliv og offentleg verksemd i regionen som arbeider med FoU-prosjekt og utviklingsprosessar.
Konferansen er eit prøveprosjekt over to år (2013 og 2014), og skal bidra til å auke den akademiske kompetansen i regionen. Aktivitetar knytte til konferansen skal medverke til publisering og vere ein møteplass for læring og utvikling av samarbeid.

Hovudtema i 2013 er Kvalitet og med eit breitt fokus.

Volda og Ålesund går inn i eit samarbeid om risiko- og krisekommunikasjon etter Fjordkonferansen 2013: FoU-rådgjevar Johann Roppen, Jens Standal Groven, Kristian Fuglseth, Jan Arne Halvorsen, Kjetil Rød, Magne Aarset, Bjørn Gunnar Tafjord og Ivar John Erdal. Foto: Gaute Hareide.

Samarbeid om samfunnsrisiko

Eit av resultata frå konferansen er eit samarbeid mellom Ålesund og Volda på risiko- og krisekommunikasjon. Kommunikasjonsmiljøet ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda set i verk eit samarbeid med Høgskulen i Ålesund ved førsteamanuensis Magne Aarset, forfattar av boka Kriseledelse og ansvarleg for ei mastergrad i leiing av krevjande maritime operasjonar. Arbeidet har to mål, der det eine er å tilby masteremne i Volda i risiko- og krisekommunikasjon, og det andre eit større, internasjonalt FoU-prosjekt saman med mellom anna George Mason University. Kjetil Rød disputerte nettopp med ei PhD innan risiko- og krisekommunikasjon og vert engasjert i ei toarstilling ved Avdeling for mediefag frå august. Stilling er finansiert gjennom VRI Media. Han vil vere sentral saman med Ivar John Erdal frå MKT-seksjonen, Jens Standal Groven, Kristian Fuglseth, Svein Brurås og Jan Arne Halvorsen.

Faksimile Smp 22. juni 2013 og faksimile Smp 24. juni 2013