«Kompetanse for framtida»

Voldastudentar får gratis Innotown-foredrag med Pixar-grunnleggar

Publisert: 30.04.2013 15:00 av Kristian Fuglseth

- Det er førstemann til mølla, så studentane må melde seg på no, seier Frank S. Emblem i Ålesund Kunnskapspark. Jay Shuster har vore sentral i suksessar som "Toy Story" og "Biler", og kjem til Ålesund i høve Innotown 22. mai.

Studentar frå mediefaga og andre kreative fag får eit unikt møte med innovasjonen som har sett djupe spor i mediekulturen vår.

Samlinga vil finne stad ved Høgskolen i Ålesund 22. mai, og det vert sett opp buss frå Volda kl. 8.30, og returnerer om lag kl. 12.00.

Sjølve foredraget startar kl. 10.30, og er støtta av VRI-prosjekta.

− VRI-prosjekta er opptekne av at studentar og tilsette frå ulike fagmiljø og -tradisjonar skal møtest, utvikle nye erfaringar og ny kunnskap som kan nyttast i utvikling. Dette er viktige delar i innovasjon, seier Bjørn Tafjord, kompetansemeklar for media i VRI-prosjektet ved Høgskulen i Volda.

Påmelding

Alle må melde seg på på Ålesund Kunnskapspark si heimeside. Ver raskt ute - bussen har berre plass til 50 personar, og desse vil bli kontakta om detaljar rundt transport. Vér nøyen med å føre på rett e-post og telefonnummer i påmeldinga.

Frå omtalen på heimesida til Innotown:
"It will come as no surprise that the culture in which we work has a huge influence on how creative we are. But fostering a culture that is brimming with creativity is only one piece of the puzzle when it comes to delivering outstanding, innovative results. At InnoTown 2013 Jay Shuster will reveal four more pieces of the creativity puzzle that should help any organisation build a culture of collaboration & innovation."

"A relentless keeping an eye on everything is what ensures quality"

- Jay Shuster

MELD DEG PÅ I DAG!