«Kompetanse for framtida»

Ekskursjon: Kystverket og kommunikasjon

Publisert: 31.01.2013 16:05 av Kristian Fuglseth

På eit besøk hjå Kystverket 21. januar, fekk PR, kommunikasjon- og mediestudentar lære om internkommunikasjon og om BarentsWatch, eit større maritimt, tverrfagleg satsingsområde i nordområdepolitikken.

− Kystverket er det direktoratet vi har her på Sunnmøre, så det er viktig at vi held god kontakt, fortel høgskulelektor Kristian Fuglseth ved Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media.

Gro Kibsgaard-Petersen foreles for kommunikasjonsstudentar

Kystverket har mannskap og andre tilsette langs heile kysten, og har derfor spesielle utfordringar i god internkommunikasjon. Spreiinga av tilsette og utfordringar rundt dette er nyttig for studentane generelt, men dei fekk også høyre om konkrete tilfeller der ein må gjennom vanskeleg organisasjonsarbeid for å prøve å lukkast.

I tillegg fekk studentane ei innføring i arbeidet med Regjeringa sitt prestisjeprosjekt BarentsWatch. Her samlar fire departement sine tema og arbeidsfelt i ei samla teneste som skal gi gjennomgåande og tverrfagleg kunnskap for å få betre kontroll over tilhøva i nordområda, polområda og vidare. Kystverket har vore sentrale i arbeidet, og kommunikasjnsrådgjevar Gro Kibsgaard-Petersen har dette som si viktigaste oppgåve. Til no har Barentswatch oppretta ei nettside der ein lag på lag finn data og fakta som saman skal gjere ny kunnskap tilgjengeleg.