«Kompetanse for framtida»

Høgskulen - ein attraktiv samarbeidspart i regionen

Publisert: 24.10.2013 14:50 av Birgitte Elise Bøen

Høgskulen satsar på samarbeid med arbeidslivet i regionen med gode tiltak knytt til kompetanseutvikling. Denne aktiviteten har etter kvart fått eit betydeleg omfang, og i 2011 vart det registrert 3,3 millioner kroner i slike oppdragsinntekter. I tillegg har Utdanningsdirektoratet gitt bidrag til spesielle tiltak for kompetanseutvikling for lærarar, og høgskulen har fått nasjonal merksemd og gode tilbakemeldingar på opplegga.

Den sterke auken i eksterne oppdrag gjer at høgskulen må forbetre interne reglar og rutinar knytt til planlegging og gjennomføring av slike oppdrag. Riksrevisjonen påpeikar at høgskulen må sikre at kontraktar, budsjett og rekneskapsavslutningar er tilpassa det sentrale regelverket, og alt må kunne dokumenterast.

Kunnskapsdepartementet har i gang eit arbeid med revisjon av rettleiaren for bidrags- og oppdragsaktivitet, samstundes som det vert innført ny kontoplan for statsinstitusjonar. Høgskulen ser dette arbeidet i samanheng og er i godt gjenge med å implementere reviderte retningslinjer og rutinar.