«Kompetanse for framtida»

NHO-film vann beste industrianimasjon i Volda

Publisert: 21.09.2012 15:05 av Sunniva Selena Bolseth

Brobyggeren, regissert av Ola Nielsen og Kristian Haukland frå Hyper AS vann førsteprisen og 10 000 kroner for beste industrianimasjon.

Regisørane Ola Nielsen og Kristian Haukland vann sin førstepris for beste industrianimasjon. Her under ei kunstutstilling i høve animasjonsfestivalen etter prisutdelinga. Foto: Gaute Hareide, Høgskulen i Volda.

Regisørane Ola Nielsen og Kristian Haukland vann sin førstepris for beste industrianimasjon. Her under ei kunstutstilling i høve animasjonsfestivalen etter prisutdelinga. Foto: Gaute Hareide, Høgskulen i Volda.

– Ei godt skrive, komplett  historie, polert og handverksmessig laga  med ein unik animasjonsstil, skreiv juryen om vinnaren. Det er effektiv kommunikasjon til publikum som tilfredstiller intensjonane i oppdraget.

Building bridges – the movie from Hyper on Vimeo.

Høgskulen i Volda, VRI Møre og Romsdal og Vestnorsk Filmsenter sette fokus på bruken av industrianimasjon i samband med årets animasjonsfestivalen AnimationVolda. Kåringa av beste industrianimasjon i Norden-Baltikum vart gjennomført av ein jury der både næringslivet på Sunnmøre og filmskaparar var med.

Premien på 30 000 kroner er gitt av Kleven, Ulstein Group ASA,  og Rolls-Royce Marine, og vart i år delt mellom ein hovudvinnar og fire såkalla «runners up» – eller andreplassar.

Andreplassane

  • Kalde Fakta om varmere klima, dir Magne Hage, prod: Apt
    «Wonderful transitions to tell a complex story in a simple way. A lot of information backed up with a simple style to communicate it.»
  • Polarcus Amani Ulstein SX 134, dir Torbjørn Håskjold, anim Ricardo Bjerke, prod Frost Media/FireGrader
    «The presentation elevates the design of the vessel. A good mix of written and clear animation to describe its functionality.»
  • Total Control. Dir Eskil Johnsen, prod Fire og en halv/Passion Pictures
    «With the intention to raise debate, we feel it satisfied this. It adopted an original and modern style which engages the audience.»
  • Trollus Netticus, dir Magne Hage, prod Apt.
    «This film dealt with an important theme in a humorous way, highlighting the benefits of the animated art form.»

Kriterium:

  • Framifrå historieforteljing
  • Beste bruk av animasjon
  • Kommuniserer med publikum
  • Oppfyller kunden sine intensjonar

Jury:

  • Kirsti Gjørvad (Salgssjef, Scana Volda)
  • Jan Ole Bolsø (Filmskapar og leiar ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Møre og Romsdal)
  • Andres Daffy (Animatør og regisør ved The House of Curves, London)

Les førehandsomtale og meir om seminarprogrammet i Vikebladet/Vestposten

Les meir om festivalen på Høgskulen i Volda sine nettsider

Faksimile frå Sunnmørsposten 21. august 2012:

Faksimile frå Sunnmørsposten