«Kompetanse for framtida»

Ulstein kommune vil ha HVO-studentar

Publisert: 02.02.2012 16:25 av Per Arne Brandal

I samarbeid med Høgskulen i Volda og VRI inviterer Ulstein kommune studentar som snart er ferdige med utdanninga si til jobbtreff i Ulsteinvik torsdag 9. februar.

– Ulstein kommune har mange spennande jobbar.  Til desse spennande jobbane treng vi dyktige fagfolk med god kompetanse. Vi inviterer difor studentar som vert ferdige med si utdanning våren 2012, til jobbtreff i Ulsteinvik, seier kommunalsjef for oppvekst og kultur Leif Ringstad

Leif Ringstad på stand under "Ut i jobb-dagen" ved Høgskulen i Volda 23. januar.

På jobbtreffet torsdag 9. februar kl. 1930 får ein vite meir om kommunen og jobbmuligheitene for dei som er snart er ferdig utdanna, skriv kommunalsjef Ringstad i ei innbydng han har sendt til studentane ved Høgskulen i Volda. 

I innbydinga går det fram at Ulstein kommune i første rekke treng lærarar, førskulelærarar, sosionomar, barnevernspedagogar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Sjå også oppslag i Vikebladet.

Påmelding kan sendast til:
nils.ertesvag@ulstein.kommune.no

innan onsdag 8. februar.

 

Det vert sett opp buss Volda-Ulsteinvik t/r med avreise frå parkeringsplassen mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset kl. 1900.

Sjå invitasjonen til jobbtreffet her.