«Kompetanse for framtida»

Island Offshore Management AS og Høgskulen i Volda i VRI - initiert teknologi- og læringssamarbeid

Publisert: 09.12.2011 18:45 av Kjell Antvort

Rederiet Island Offshore Management AS har opplevd rask vekst sidan oppstarten i 2004, og opererar no 18 fartøy i offshore-marknaden. Satsingsområdet er supplyskip, ankerhandteringsfarty og spesialfarty for undervassoperasjonar. Island Offshore Management og Høgskulen i Volda er i gang med det VRI-initierte prosjektet "Ny metodikk for situert kompetansebygging".

Frå kartleggingsfasen i prosjektet. Medarbeidarar ved HVO har vore med fartyet Island Challenger på oppdrag i Nordsjøen. Foto: Kjell Antvort/Ivar John Erdal

VRi står for Virkemidler for regional FoU og innovasjon. Programmet har verkemidlar som stimulerer til samhandling mellom bedrifter og FoU-institusjonar. Høgskulen i Volda har eit høgt aktivitetsnivå innanfor Vri. Samarbeidet går ut på å finne fram til opplæringsmetodar som tener næringa med dei spesielle behov og utfordringar ho har. Ein legg vekt på arbeidsmåtar og system for kompetanseheving der nye medier og digital teknologi kan gje meirverdi knytt til å gje betre vilkår for kommunikasjon og refleksjon i læreprosessane, noko som igjen vil kunne bidra til å dokumentere reell kompetanse. Island Offshore Managagement har eit høgt kompetansenivå hjå sine tilsette som uttalt mål i sin profil, og er mellom anna gjennom VRi og prosjektsamarbeidet med Høgskulen i Volda villige til å satse på kvalitet i kompetansebygging.