«Kompetanse for framtida»

Amnesty utfordra lokale maritime bedrifter om samfunnsansvar

Publisert: 07.12.2011 15:00 av Kristian Fuglseth

- I eit internasjonalt perspektiv er samfunnsansvar viktig for alle eksportbedrifter, konstaterte politisk rådgivar Beate Ekeløve-Slydal frå Amnesty International Norge. I samarbeid med VRI tok studentar ved PR-utdanninga i Volda del i eit Amnesty-seminar om korleis lokale bedriftene kan utføre sitt samfunnsansvar.

Initiativ frå lokale Amnestygrupper

Det var Amnestygruppene i Hareid og Ulstein inviterer til ope møte i Ulsteinvik forrige torsdag med tema Bedrifters samfunnsansvar. Hovudbodskapen til Amnesty var at bedrifter må ha ein beredskap og ei risikovurdering knytt til internasjonale engasjement. Dei la og fram statistikk som peika på at slike risikovurderingar i for liten grad blir vurderte i norske eksportbedrifter.

PR-studentar saman med Gunvor Ulstein og Arnfinn Ingjerd.

PR-studentar saman med Gunvor Ulstein og Arnfinn Ingjerd.

Samfunnsansvar og kommunikasjonsarbeid heng saman

– Vurderingar rundt samfunnsansvar er ein del av kommunikasjonsarbeidet i ei bedrift, difor er dette ein verdifull debatt for våre studentar, konstaterte lektor Jens Standal Groven ved Avdeling for mediefag. I lag med studentane frå Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media fekk han høyre korleis konsernsjef Gunvor Ulstein frå Ulstein Group og kommunikasjonssjef Annette Bonnevie Wollebæk frå Rolls Royce Marine svarte på utfordringa frå Amnesty. Arnfinn Ingjerd frå Maritimt Forum Nordvest leia diskusjonen.

Verdival er samfunnsansvar

Amnesty International Norge krev mellom anna at styresmaktene innfører bindande retningsliner som krev at bedrifter risikovurderer og overvakar arbeidet sitt for å unngå menneskerettsbrot. Amnesty ber og om at norske bedrifter syter for at dei ikkje bryt menneskerettar, verken direkte eller indirekte. Dei lokale bedriftene som var representert viste at dei hadde ein beredskap på området, men var opptatt av å lytte til dei råda Amnesty kunne gje.

Hallgerd Condradi frå Amnesty-gruppa i Ulstein, Gunnvor Ulstein frå Ulstein Group, Anette B. Wollebæk, kommunikasjonsdirektør i Rolls Royce Marine og Beate Ekeløve-Slydal, politisk rådgjevar i Amnesty International.

Hallgerd Condradi frå Amnesty-gruppa i Ulstein, Gunnvor Ulstein frå Ulstein Group, Anette B. Wollebæk, kommunikasjonssjef i Rolls Royce Marine og Beate Ekeløve-Slydal, politisk rådgjevar i Amnesty International.

 

Innføring i samfunnsansvar sett frå Amnesty sin ståstad

Beate Ekeløve-Slydal har vore sentral både i Amnestys nasjonale og internasjonale arbeid med bedrifters samfunnsansvar. Ho er rik på erfaringar rundt korleis bedrifter ivaretek samfunnsansvar internasjonalt og nasjonalt. Etter plenumsdebatten fekk studentane frå PR-utdanninga ei eiga innføring i samfunnsansvar direkte frå felten.

– Bedrifter må tenke gjennom dette før problemstillingane kjem opp, understreka Ekeløve-Slydal. Ho la fram ei rekke eksempel på dilemma som eksportbedrifter kan kome opp i. Studentane fekk utdjupa sine spørsmål på feltet og det vart gjort avtale om å planlegge fleire besøk frå Amnesty, mellom anna vart det diskutert om Ekeløve-Slydal kunne halde ei ope forelesing ved Høgskulen i Volda.

 

Samfunnsansvar i bedrifter er eit viktig tema i PR-utdanninga i Volda. Les meir i studiekatalogen.