«Kompetanse for framtida»

IPA-studentar på bedriftsbesøk

Publisert: 08.11.2011 15:15 av Bjørn Tafjord

Som del av undervisninga i Regionalutvikling og endringsleiing ved Høgskulen i Volda, var tredjeårsstudentane ved IPA`s i fylgje med forelesar, Jon Georg Larsen og prosjektleiar for VRI ved Høgskulen i Volda, Bjørn Gunnar Tafjord på ekskursjon til den maritime næringsklynga på Sunnmøre forrige veke. Målsettinga med turen var å gje studentane høve til å knytte teori til praksis, og å få eit innblikk i kvardagen til ei lita maritim bedrift.

Kva utfordringar møter ei relativt lita maritim bedrift i distriktet? Korleis hevdar dei seg sett i forhold til dei store og velsmurde organisasjonane? Har dei som ei lita bedrift nokre fordelar sett i forhold til større bedrifter? Svara fekk vi då vi besøkte Safe Sea AS i Hallebygda i Sande kommune. 

Safe Sea

Safe Sea AS produserer MOB-båtar og er underleverandør til Mare Safety AS. Med sine sju tilsette har dei sidan år 2000 produsert nær 200 båtar som er selt til rederi verda rundt. Med slagordet; ”ein liten kan gjere mykje medan ein stor snur seg”, har dei synt at dei er i stand til å konkurrere i ein global marknad. Safe Sea AS sine MOB-båtar er i utgangspunktet like MOB-båtane til andre produsentar, men dei arbeider kontinuerleg med å utvikle båtane slik at dei skaffar seg eit konkurransefortrinn. Bedrifta har mellom anna utvikla ein ny type fender som gjer båtane langt meir robuste og slitesterke. Når det gjeld MOB-båtar går nemleg kvalitet ofte framfor pris, og dei tilsette i bedrifta yt maksimalt for at kunden skal bli nøgd.

I nær framtid skal bedrifta byggje ny produksjonshall både for å betre arbeidstilhøva og for å kunne auke produksjonen. Bedrifta vil framleis vere lokalisert i Hallebygda i Sande kommune. Trygve Gaustad ved Safe Sea AS ser det som viktigast at bedrifta ligg nær sjø og i nærleiken til heimstaden, sidan det ofte vert arbeid utover kveldane når det er mykje å gjere ved bedrifta. Framtidstrua er god, og bedrifta har fleire bein å stå på om ordrebøkene ikkje blir fulle. Safe Sea AS har kompetanse til å fylgje opp kunden med omsyn til servicar og reperasjonar. Dette er ei god inntektskjelde for bedrifta og kundane ser verdien av den nære oppfylginga dei får av Safe Sea AS. Etter ei omvisningsrunde i bedrifta sine lokale, fekk vi teste MOB-båtane i sitt rette element. Dette var ein flott og forfriskande oppleving og eit svært velkome avbrekk i studentkvardagen. Vi takkar Safe Sea AS for gjestfridomen og ynskjer dei lykke til vidare!

Safe Sea

Resten av dagen nytta vi til å skaffe oss eit lite overblikk over nokre av bedriftene i Sande og Herøy kommune. Vi køyrde via Gjerdsvika til Herøy, og det var ikkje langt mellom bedrifter knytt til den maritime klynga. Neste stopp var industriområdet på Mjølstadneset i Herøy. Her har fleire av tungvektarane innan offshorenæringa lokalisert seg. Vi nemner Borbon, Havila, Asper Norway AS og Baro Mekaniske verkstad. I tillegg er det statlege foretaket Siva, som arbeider for å styrke grunnlaget for næringsutvikling, lokalisert på Mjølstadneset. At dette industriområdet åleine anslagsvis byr på 200 arbeidsplassar er imponerande. I Fosnavåg sentrum fann vi enda fleire sterke maritime aktørar, mellom anna Trico og Rem shipping. Dei positive ringverknadane av eit sterkt næringsliv er lette å spore i Herøy kommune. Studentane meinar at rundturen gav dei ny giv i det vidare arbeidet. Turen vart avslutta med varm lunch på Bryggen restaurant i Fosnavåg sentrum.

VRI-prosjektet ved Høgskulen i Volda finansierte studieturen. Sjå meir informasjon om VRI-prosjektet her.