«Kompetanse for framtida»

AnimationVolda tjuvstartar idag

Publisert: 14.09.2011 09:25 av Per Arne Brandal

AnimationVolda tjuvstartar i dag med vising av industrianimasjonsfilmar frå Norden og Baltikum på Volda turisthotell kl. 19.00. Ulstein Group og Kleven Maritime har gitt 20.000 i pengepremiar til dei beste filmane.

I morgon torsdag 15. september er det seminar om industrianimasjon: Why Animated Communication?  Filmskapar Lars Hegdal (Klipp & Lim, Trondheim), Producer Marcy Page (National Film Board of Canada),  Magne Gurskevik (Kleven Maritime), filmskapar Dave King (Rain Dog Studios), Einar Hareide (Hareide design) og Gunnar Strøm (Høgskulen i Volda) er innleiarar.  Seminaret blir halde på engelsk.

Torsdag 15. september syner AnimationVolda gratis barnefilm på kinoen i Volda  kl.12.00.  Første konkurranseprogram med studentfilmar er kl. 14.00 på Rokken. Opninga av festivalen med vising av Jonas Odell's internasjonale prisvinnar 'Tussilago' og vinnaren av beste industrianimasjonsfilm er på Volda Filmteater kl. 18.00. 

Sjå AnimationVolda for meir informasjon og program