«Kompetanse for framtida»

Gründercamp 2011

Publisert: 26.08.2011 15:00 av Sunniva Selena Bolseth

Studentar frå andre året i grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda har denne veka fått opplæring i organisering og avvikling av programmet Gründercamp. Bedrifter og institusjonar gav studentane oppdrag som skulle løysast i løpet av 24 timar. Torsdag presenterte dei produkta for jury, presse, høgskuletilsette og medstudentar.

Nytenking
Gründercamp er eit undervisingsprogram for ungdomsskulen, og det er viktig at lærarstudentane har kunnskap om denne metoden, fortel rådgivar Sissel Tegelsrud Kolstad. Eit samarbeid mellom arrangørane Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal (UE), lærarutdanninga og FORNY-gruppa ved Høgskulen i Volda, har gjort undervisingsprogrammet ”Gründercamp” mogleg.
Tiltaket gir oss også høve til å utvikle samarbeidet med regionalt næringsliv, seier høgskulelektor  og prosjektleiar i VRI ved Høgskulen i Volda, Bjørn Gunnar Tafjord.  Han poengterer også at lærarstudentane frå Høgskulen i Volda faktisk er dei einaste i Noreg som får vere med på eit slikt program.
Ifølgje entreprenørskapsgruppa ved HVO beståande av  Janne Heggvoll (AFK), Kjell Antvort (AFK) og Bjørn Tafjord (ASH), er målet med Gründercampen at studentane skal få best mogleg kunnskap om ulike yrke og utdanningsmoglegheiter, samstundes som dei gjennom denne type opplegg får trening i det å vere kreative og nyskapande.  Dei vil også få innblikk i korleis dei sjølve kan vere med på å arrangere gründercamp etter at dei kjem ut i skulen.  Bedrifter og institusjonar som har vore med på tiltaket seier også at det er viktig for dei å vere med, både i forhold til rekruttering og omdømmebygging.


Utdanningsval på ungdomssteget
Gründercamp som metode har fokus på kreativitet og nytenking. Problemstillingane skal vere realistiske og dei skal stimulere kreativitet, samarbeid, problemløysingsevne, læringsmiljø og presentasjonsevne. Gründercamp blir i opplegget for grunnskulelærerstudentane  sett i samband med det obligatoriske faget Utdanningsval i grunnskulen. Det er ein del av Kunnskapsløftet, og målsettinga er at alle elever skal utvikle grunnleggande evne og kompetanse for å kunne ta aktivt del i samfunnet, med å få rettleiing om ulike yrke og utdanningsvegar.
Det er spesielt viktig for oss at elevane får innsikt i kva som går føre seg i ulike bedrifter i nærområdet. Særlig fordi det kan gi dei ein peikepinn på kva retning dei skal i etter ungdomsskulen, forklarar Kolstad.

- Tilbakemeldingane frå studentane er at dei syns det er lærerikt å gjennomføre gründerprogrammet, fordi dei då kan lettare identifisere seg med elevane i grunnskulen, seier Sissel Tegelsrud Kolstad frå Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal (UE).

Sissel Tegelsrud Kolstad frå Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal


Lokale oppdragsgivarar
Noko av føremålet med gründercampen er å gje studentane betre oversikt over lokalt næringsliv. Dei lokale oppdragsgivarane i år var Amfi Ørsta, SkOlsen i Volda, Scana Volda, Vik Ørsta, Ivar Aasen-tunet, Furene AS og Volda kommune. Fleire av desse har vore med på tidlegare grundercampar ved høgskulen som i år vert arrangert for 4. gong.

Vinnarane
Ni grupper deltok på årets gründercamp. Vinnaren vart gruppa som hadde fått sitt oppdrag frå Volda kommune. Oppdraget til gruppa var formulert slik: Det skal etablerast ein næringshage med spissa profil mot media, film og Kulturfag i Volda. Næringshagen går inn i SIVA sitt program for næringshagar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Volda kommune. Møre og Romsdal fylke, Staten gjennom SIVA, Høgskulen i Volda, Sparebanken Søre Sunnmøre, Ulstein Group og Tussa. Oppdraget vert å lage eit forslag til namn og profilering av næringshagen mot målgruppa studentar som går med gründerplanar. 

 

 

Vinnargruppa bestod av Silje Kristin Skarmyr, Eskil Varhaugvik, Lina Ødegaard, Knut Erik Bjørklund og Elin Vågen.  Dei vart premierte med 2000 kr.

Andreplassen gjekk til gruppa som fekk oppdrag frå Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Deira oppdrag var å lage eit opplegg for vaksne gjester i sommarsesongen med utgangspunkt i nynorsk litteratur.  Gruppa bestod av Sara Marie Furseth, Erlend Holgersen, Marita Hagen Kvalsvik, Axel Gribbestad Lund og Eskild Valsø Lied. Andre plassen gav 1000 kr. i premie.
Tredjeplassen gjekk til gruppa som fekk oppdrag frå SkOlsen i Volda. Oppdraget vart skissert på fylgjande måte:
Marknadsføring frå  bedrifta vår foregår ved annonser i lokalavisene «Møre» og «Møre Nytt» og ved brosjyrer/flygeblad utsende i posten. Dette når ikkje studentane i Volda. Oppgåva vert difor: Korleis nå studentane i Volda med marknadsføring  av aktivitetar og tilbod?  Gruppa bestod av Sunniva Sande Lillebø, Njaal Myrvang Olsen, Marte Oldeide Riksheim, Brynjar Raknes Ingolfsson og Sandra Ervik Valderhaug. Premien for 3. plassen var 500 kr.

Årets jury bestod av juryleiar og grundercamp-grunder ved lærarutdanninga, tidlegare studieleiar Johan Wangen, årets kvinnlege grunder i Norge i 2009 Gry Cecilie Sydhagen frå Metizoft AS i Herøy og leiar for studenttinget ved Høgskulen i Volda, Kristian Fredheim.