«Kompetanse for framtida»

Animasjonsfestivalen i Volda med fokus på industrianimasjon

Publisert: 26.08.2011 12:25 av Eirik Bech

Høgskulen i Volda og Vestnorsk Filmsenter set fokus på bruken av animasjon i ulike former for oppdragsfilm i samband med årets utgåve av animasjonsfilmfestivalen AnimationVolda - Vi arrangerer også i år eit eige seminar og konkurranse om industrianimasjon, melder Gunnar Strøm ved animasjonsutdanninga.

Gunnar Strøm ved animasjonsutdanninga i Volda

– Torsdag 15. september kl. 10.30-14.30 arrangerer vi et seminar på Volda Turisthotell med tittelen "Why Animated Communication", melder Strøm.

– Målgruppe for seminaret er på den eine sida filmskaparar og mediefolk, på den andre sida næringslivet lokalt og nasjonalt.

Endelig program vil bli lagt ut på  www.hivolda.no/industrialanimation og www.animationvolda.com. (external link)

Kåring av beste industrianimasjon

Kvelden før seminaret, onsdag 14. september kl. 19.00-20.30, inviterer vi filmskaparar og næringslivet på Sunnmøre til ei visning av industrianimasjonsfilmar på Volda Turisthotell. For påmelding av film, sjå eigen informasjon på  www.hivolda.no/industrialanimation.

Filmane vil konkurrere om ein pris for beste film på minimum NOK 10.000 gitt av næringslivet på Sunnmøre.  Filmane skal være laga i 2010 eller 2011 og alle filmar kortare enn ein halv time frå Norden og Baltikum der minst 50 % av filmen er animert, kan delta i konkurransen.  En forhandsjury vil plukke ut filmane til konkurransen, og kåringa av beste film vil skje av en jury med kompetente fagfolk og representantar for næringslivet. 

Prisen for beste film vil bli delt ut under opninga av AnimationVolda på Volda Samfunnshus.

Seminaret er eit VRI-prosjekt