«Kompetanse for framtida»

PR-studentane på studietur til Brüssel

Publisert: 27.04.2011 10:25 av Kristian Fuglseth

- Brüssel er som eit informasjons- og kommunikasjonsknutepunkt i Europa, og for oss har forelesingar og miniseminar med norske institusjonar og selskap der nede vorte årvisse opplegg, fortel studieprogramansvarleg Jens Standal Groven ved Høgskulen i Volda.

 Andreårsstudentane i Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media vert godt mottekne av både private verksemder og dei norske, offentlege utsendingane som arbeidar i EU-hovudstaden.

Studentar framfor Antwerpen City Hall, der Den norske generalkonsulen orienterer om Noreg si rolle i hamnebyen

Studentar framfor Antwerpen City Hall, der Den norske generalkonsulen orienterer om Noreg si rolle i hamnebyen.

– For å forstå informasjonsarbeid i ein større sammanheng, får studentane i emnet Samfunnskommunikasjon sjå korleis det offentlege Noreg driv informasjons- og kommunikasjonsarbeid mot EU, mellom anna innanfor organisasjonane LO, NHO og Bellona, fortel Groven.

Det norske samfunnet i EU

Europasamarbeidet er viktig i kvardagen til oss her heime, og svært mykje informasjon skal fordøyast og formidlast vidare slik at det gir praktisk meinig i Noreg. Hundrevis av nordmenn arbeidar for ulike organisasjonar i Brüssel, og mange av dei i Norway House, der fleire av dei politiske og offentlege myndigheitsorgana, som t.d. diplomatar og næringsorganisasjonane held til.

I tillegg til besøka i Brüssel, fekk studentane innføring i korleis Antwerpen by aktivt arbeidar for si rolle som ei av Europast viktigaste hamner, der fleire norske selskap har kontor. Noreg har også eigen generelkonsul i hamnebyen.

Hamna i Antwerpen, Europas nest største hamn

Verksemder i Noreg er sterkt representert i Antwerpen.

Internasjonalisering

Studieturen er støtta av prosjektmidlar frå Virkemidler for regional FoU og innovasjon (VRI), som skal fremje kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping.

– Studentane får førstehands kjennskap til korleis maritim og marin industri i regionen arbeidar målretta i Europa, forklarar prosjektleiar for VRI-prosjekta, Bjørn Gunnar Tafjord.

– Dette er svært viktig kompetanse for framtidige kandidatar hjå desse eksportverksemdene, seier han.

PR-studentar framfor EU-kommisjonen sitt hovudkvarter, vegg-i-vegg med Norway House.

PR-studentar framfor EU-kommisjonen sitt hovudkvarter i Brüssel, vegg-i-vegg med Norway House.

Arbeide for norske interesser i utlandet

– Det er svært inspirerande å lære om det norske arbeidet i EU og ut mot verda elles. Der er mange jobbar som vi ikkje veit om. Vi kunne godt tenke meg å arbeide for norske interesser i utlandet, kommenterer studentane.

Les meir om bachelorgradstudiet i studiekatalogen